Tre tynnkledde og luelause japanske studentar hutrar på ferjedekket. Med stive fingrar arbeider dei med fotografiapparata sine for berga minna av ein stille, blank fjord for ettertida.
Takayuki, Koki og Shintaro frå Tokyo har sete 20 timar på fly for å sjå det landskapet som dei for fyrste gong såg i ein populær Disney-film:
– Me blei fengsla av «Frost» og ville sjå naturen som filmen har henta inspirasjon av. Difor kom me hit til Nærøyfjorden. Me ville sjå den fantastiske naturen med eigne augo, seier Koki Moriya, før han må kneppa att også den øvste frakkeknappen, for å halda kjølda ute.
- Les også:
- Les også:
Vinterturismen veks
Stadig fleire reisande gjer som dei tre japanske kompisane; dei kjem til turistbygda Flåm – om vinteren – for å sjå landskapet som står på Unesco si liste over verdas viktigaste naturområde, og for å ta Flåmsbana.
EKSOTISK MINNE: Familien Sharma har kome frå millionbyen Jaipur i India for å oppleva snø og kulde. Den veksande vinterturismen i Flåm gjer at hotella kan halda vinterope, noko som bidreg til heilårsarbeidsplassar og til å halda reiselivskunnskapen i bygda.
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRKDen rullande turistmagneten, som klyv opp dei bratte kleivane i Flåmsdalen, har hatt markant vekst i vinter, 12 prosent i januar og 16 prosent i februar.
– Potensialet er stort, fordi vinterturistane kjem frå store marknader i Asia og Amerika. For dei er snø og kulde eksotisk, seier Solrun Hjelleflat, dagleg leiar i reiselivsselskapet Flåm AS.
- Les også:
- Les også:
Heilårsarbeid
Flåm AS la i fjor haust ned ein ekstra innsats for å lokka vinterturistar, og det er i ferd med å gi dei ein ny fot til å stå på. Veksten i lågsesongen gjer at det forsvarleg med heilårsarbeidsplassar.
GOD UTVIKLING: Dei reisande kjem frå store marknader i Asia og Amerika, som India og Brasil, seier Solrun Hjelleflat, dagleg leiar i reiselivsselskapet Flåm AS
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRKFor første vinter på mange år held Fretheim Hotel ope. Flåm Guideservice lagar vinterturar for einskildreisande, og det er sett opp ei heilårs bussrute frå Flåm stasjon til Stegastein – utsiktspunktet 650 meter over Aurlandsfjorden.
– Når turiststraumen om vinter veks, må me ta imot dei på skapleg vis. Difor er det gledeleg at hotella held ope, og at vinterturistane har fleire tilbod å velja mellom, seier Hjelleflat.
Avslappa av landskapet
Tilbake på ferjedekket til «Fanaraaken» ser Koki Moriya snøkledde lier og veldrivne småbruk gli forbi. Vinterlandskapet får han til å slappa av:
– Tokyo er overbefolka, og folk er alltid stressa. Her kjenner eg meg roleg. Når eg kjem heim, skal eg visa bileta av naturen til venene mine og seia at også dei må reisa hit.
EI REISE I RO: – Landskapet får oss til å slappa av, seier Koki Moriya. Han og kompisane Takayuki og Shintaro har sete 20 timar på fly for å koma seg frå overbefolka Tokyo til fredfulle Nærøyfjorden.
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK