Hopp til innhold

Femdoblar utsleppa om steinen må fraktast med vogntog

GUDVANGEN (NRK): Nye miljøkrav gjer at forureinande båtar skal bort frå verdsarvfjordane. For bedrifta Gudvangen Stein betyr det at transporten må over frå sjø til veg.

Frode Øvsthus i Gudvangen Stein i Aurland

FORTVILA: Leiar Frode Øvsthus ved Gudvangen Stein seier utsleppa blir større om dei må bruke vogntog for å frakte vekk steinen frå gruva.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det får dramatiske konsekvensar for oss om vi blir pressa over på vogntog som fraktar steinen til nærliggande hamner. Det betyr at vi femdoblar utsleppa våre, seier leiar Frode Øvsthus ved Gudvangen Stein.

Det er store mengder av bergarten anortositt som blir sendt ut i verda. Frå gruva i Nærøydalen går det båtar til 16 fabrikkar i ti land. Men snart kan det bli historie.

For Nærøyfjorden i Sogn står på verdsarvlista. Ein million turistar besøkjer Aurland kommune i løpet av eit vanleg år. Svært mange av dei kjem med forureinande cruiseskip. Det var difor Stortinget i 2018 vedtok dei nye miljøkrava for verdsarvfjordane.

Nokre miljøkrav blir innførte frå 2022 og så blir det endå strengare frå 2026.

– Eit krav har allereie tredd i kraft og det påverkar oss alt i dag. Det er ein god del båtar som ikkje tilfredsstiller desse og dermed ikkje kan gå inn til oss, seier han.

Det var avisa Hordaland som først omtalte saka.

Ser det slår feil ut

Aurland-ordførar Trygve Skjerdal (Sp) er også leiar i verdsarvrådet som i fleire år har ivra for strenge miljøkrav i Nærøyfjorden.

– Det er for at dette området skal vere heilt på topp når det gjeld naturkvalitetar.

Men no ser også han at regelverket kanskje slår feil ut.

– Det var nok ikkje slik det var tenkt frå dei som har vedteke dette. Dei har nok ikkje sett desse konsekvensane. Det er ikkje berre miljøkrava. Vi må også ta omsyn til næringslivet vårt, seier Skjerdal.

Bergarten anortositt ved Gudvangen Stein

STEIN: Det er store mengder av bergarten anortositt som blir sendt av garde.

Foto: Steinar Lote / NRK

Håper på ei løysing

Ketil Kjenseth (V) er leiar i energi- og miljøkomiteen på Stortinget. Han seier det blir jobba med å finne ei løysing for å hindre at Gudvangen Stein må over på tungtransport. Men han vil ikkje kutte på miljøkrava.

– Vi må no sjå på korleis vi kan hjelpe bedrifta til å frakte steinen ut. Vi må unngå å leie dei over på eit alternativ som gir endå større utslepp for dei.

Eit samla storting blei i 2018 blei samde om nullutslepp innan åtte år. Kjenseth seier det spesielt var mynta på cruisetrafikken som blir liggande lenge og har store utslepp.

– Det er dei utsleppa vi vil til livs. For fraktebåtane vil det vere mogleg å finne eit unntak. Dette er ei sak som blir behandla i næringskomiteen etter eit forslag frå Frp. Det skal til uttale i energi- og miljøkomiteen.

Anortositten frå Gudvangen blir brukt i isolasjon. Frode Øvsthus i Gudvangen Stein seier dei slik sett er med på å kutte energibruken i heile Europa. No håpar bedrifta at politikarane snur og lar dei få eit unntak frå dei nye reglane.

– Klimautfordringane er jo globale. Vi må sjå på det totale utsleppet og ikkje berre nokre nautiske mil i ein fjord, seier han.

Fraktebåt ved Gudvangen Stein

HÅPER PÅ BÅT: Ved Gudvangen Stein håper dei å kunne frakte vekk steinen med båt også i framtida.

Foto: Steinar Lote / NRK