Hopp til innhold

Fjord1 legg ned tradisjonsrik turistrute

Fjord1 legg ned ferjeruta mellom Gudvangen og Kaupanger frå neste sommar. Ferjeselskapet tener ikkje lenger pengar på å frakte turistar på strekninga i dei hektiske sommarmånadane.

Ferjekø i Kaupanger

STADIG KØ: Ferjekaia i Kaupanger ein varm sommardag. Frå neste sommar er det slutt på turistferja til Gudvangen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Avgjerda om å leggje ned ferjeruta vart teken no rett før jul, og grunngjevinga er klar. Trass i at dei i fjor frakta kring 40.000 passasjerar på strekninga, går drifta så vidt i balanse. Dette til trass for at Fjord1 har kutta ruter og tilbod om bord dei siste sesongane.

– Vi ser at passasjertalet har gått drastisk ned dei siste åra, og no har vi kome til eit punkt der vi ser at det balanserer nokolunde økonomisk, men det gjev ikkje gode nok resultat. Vi ønskjer også å disponere ferjemateriellet annleis. Vi har behov det materiellet på andre ruter for komande sesongar, seier driftsdirektør i Fjord1, Stian Hårklau, til NRK.

Stian Hårklau Fjord1

ØKONOMI: Driftsdirektør i Fjord1, Stian Hårklau, grunngjev nedlegginga med økonomi og behov for ferjemateriellet på andre ruter.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Satsar lenger inne i fjorden

Selskapet varsla nyleg ei storsatsing på turisme gjennom eit samarbeid med Flåm AS, der det no blir etablert eit eige selskap som skal satse på trafikk på fjordane. Men den tradisjonsrike ferjeruta Gudvangen–Kaupanger blir ikkje med vidare.

– Ville ikkje den ruta kunne vore ein del av den nye satsinga også?

– Jo, det er eit heilt legitimt spørsmål, og den ruta kunne gått inn i ei slik satsing. Vi vel no å tenke annleis og heller byggje opp Flåm-Gudvangen som hovudproduktet på Nærøyfjorden. Vi ryddar litt i porteføljen før vi går inn i det nye selskapet saman med Flåm AS, seier Stian Hårklau.

Næringa reagerer sterkt

NRK er kjend med at fleire av aktørane i reiselivet i Sogn har reagert sterkt på at ferjeruta no skal leggjast ned. Det stadfestar direktør i Visit Sognefjord AS, Ståle Brandshaug.

Ståle Brandshaug

REAGERER: Direktør i Visit Sognefjord, Ståle Brandshaug.

Foto: Halvor Farsund Storvik

– Vi forstår jo at det sikkert ligg gode grunnar og vurderingar bak ei slik avgjerd. Men samtidig så er det uheldig i høve det å oppretthalde eit godt rutetilbod på fjorden. Det er klart at koplinga mellom Kaupanger og verdsarvområdet med Nærøyfjorden og Gudvangen er ein utruleg viktig del av reiselivstilbodet i området, seier Brandshaug.

Trur ferja kunne tent pengar

Han fryktar at avgjersla til Fjord1 kjem alt for seint i høve det å varsle alle som reknar med at ruta vil vere der også neste sommar.

– Vi ser ein oppsving for reiselivet i regionen som gjer at eg trur at denne ferja kunne hatt eit kommersielt potensial, eventuelt med ein rutereduksjon. Slik at ein kunne oppretthalde eit tilbod mellom Kaupanger og Gudvangen, seier Brandshaug.