Hopp til innhold

Ingen ville ha ukjent Astrup-verk

Astrup-verket «Ålhustunet» vekte interesse hos kjøparane, men står framleis hos auksjonsfirmaet Sotheby's i London.

Nikolai Astrup sitt verk Ålhustunet

AUKSJON: Auksjonshuset Sotheby's i London har selt mange verk av Nikolai Astrup, men «Ålhustunet» ville ingen betale for onsdag.

Foto: Sothebys

Verket av den kjende Jølster-kunstnaren var venta selt for mellom 1,5 og to millionar kroner då det skulle under hammaren onsdag.

Trass interessentar, vart ikkje biletet selt.

– Det er eigentleg ganske interessant, for det er ikkje alle bileta frå perioden 1905 og 1910 som er like gode som dette. Dette var ein enorm tapt moglegheit for å gjere seg eit fenomenalt kjøp, seier Adrian Biddell, som er leiar for auksjonshuset si avdeling for europeisk biletkunst frå 1800-talet.

Signert Nik Astrup

Biletet vart truleg til medan Nikolai Astrup (1880–1928) studerte i Christiania, og det er eitt av dei første oljemåleria han laga av Ålhustunet der far hans var prest.

Paret utvandra til DeLamere i Nord-Dakota i 1811, og kjøpte biletet under eit besøk i heimlandet. Biddell er overraska over at biletet ikkje vart selt.

– Det som er litt interessant er at det var signert Nik Astrup. Det var i god tilstand og har ei noko spesiell historie om familien frå heimstaden hans som utvandra til USA, seier Biddell om biletet som vart kjøpt direkte frå kunstnaren tidleg på 1900-talet av Anders og Martha Nedrebø.

– Alltid interesse

Auksjonshandlaren selde i 2001 «Soleie og regnboge» for 4,8 millionar kroner. Det er tidenes dyraste Astrup-bilete.

– Vi har selt mange Astrup-bilete sidan då, og det har alltid vore interesse kring Astrup. Og i Norge ser vi verk av han dukke ofte opp på auksjonar, men for å vere heilt ærleg så er ikkje alle bileta like bra som «Ålhusnatt», seier Biddell.

– Det var litt interesse kring verket, men diverre ingen som kjøpte det i denne omgang. Det kan vere at vi får inn bod i etterkant og sel det privat. Det skjer frå tid til annan, legg han til.

– Undervurdert

Biddell er glad for at Jølster-kunstnaren endeleg skal få si eiga internasjonale utstilling.

Den startar i februar ved Dulwich Picture Gallery og vil gå via Tyskland til Henie-Onstad Kunstsenter i Oslo.

– Dette vil vere den første store internasjonale utstillinga med Astrup. Dette fortener han, for eg tykkjer han er ein internasjonalt uvisse og undervurdering av han som kunstnar, avsluttar Biddell.