Hopp til innhold

Sjeldant Astrup-biletet kan bli ditt om du blar opp minst eit par millionar kroner

Har du litt til overs etter novemberløna? Då kan du sikre deg dette måleriet av Nikolai Astrup for ein stad mellom 1,5 og 2,5 millionar kroner.

Astrup på Sothebys

FRÅ ÅLHUS: Nikolai Astrup sitt måleri «Ålhustunet, Jølster», skal onsdag seljast på auksjon i London. Det har aldri tidlegare vore synt fram offentleg.

Foto: Sothebys.com

Måleriet som heiter «Ålhustunet, Jølster» kjem frå ei privat samling i USA og dette er første gongen biletet blir synt fram offentleg. Det er det vidkjende auksjonshuset Sothebys i London som skal stå for salet av måleriet.

Det var kunstnaren sjølv som kring år 1900 selde biletet til utvandrarane Anders og Martha Nedrebø. Dei utvandra til byen DeLamere i Nord-Dakota i 1881, men vende tilbake til Jølster for å feire familien sitt 300-årsjubileum i 1895.

Etter det vende dei attende fleire gonger og under det siste besøket kjøpte dei måleriet, som no altså skal seljast. Auksjonshuset har prissett Astrup-kunsten til mellom 1,5 og 2,5 millionar kroner.

– Som Gustave Courbet malte Jura, eller John Constable malte Suffolk, framkallar Astrup den beundringa som han kjenner for sine heimtrakter. Attgjeve med sin enkle audmjukheit som han er så kjend for i dag, seier Adrian Biddell i Sothebys, til NTB.

Han leiar auksjonshuset si avdeling for europeisk billedkunst frå 1800-talet.