Simon Shaw ved Sotheby's seier til Bergens Tidende at han er svært godt nøgd med resultatet. 4,8 millionar kroner er det meste som nokon gong er gitt for eit Astrup-motiv, og det var auksjonens dyraste bilete. Både seljar og kjøpar av måleriet ønskjer å vere anonyme.
Kultursjef i Jølster, Terje Lyngstad, trur Astrup-tunet kjem til å bli ein endå større attraksjon etter at måleriet vart selt. Når eit bilete får ein så høg salsverdi på ein auksjon får folk igjen opp auga for kunstnaren og at det finst eit tun dei kan besøke, seier Lyngstad.