– Tala ordinære fartsoverskridingar ligg stabilt, men den høge farten vi såg i 2012 og 2013 er nær halvert. Sjølv med same kontrollaktivitet og kontrollvolum, seier Elling Krogen i Up-patruljen i Nordfjord.
Utrykkingspatruljen er inne i sitt fjerde leveår. I fjor fekk også Sunnfjord ei patrulje.
- Les også:
Totalt reagerte patruljane mot 2.334 av 14.852 kontrollerte bilførarar. 40 mista førarkortet på grunn av fart. Av same grunn fekk 1.905 forenkla førelegg.
Halvering i beslag
Utrykkingspatruljen i Nordfjord stod for halvparten av førarkortbeslaga. I 2012 tok den same patruljen beslag i 50 førarkort.
Det gler politioverbetjenten at det blir lengre mellom grove fartsoverskridingar.
– Vi ser tilsvarande nedgang i tal ulukker, personskadar og dødsfall i trafikken. I 2014 hadde vi nedgang i trafikkulukker med personskadar. Vi hadde ingen drepne i området vårt, seier Krogen.
– Det gir oss motivasjon til å halde fram arbeidet, legg han til.
Meir synleg
Politioverbetjenten trur synlegheita er hovudårsak til utviklinga. Han vil heller ikkje overvurdere effekten av Facebook-varslingar. Desse sidene eksisterte også i for to år sidan.
- Les også: Her blir promillekontrollen varsla
Samstundes legg han til at ungdom ikkje er overrepresentert blant fartssyndarane. Og dei fleste er på gjennomreise.
- Les også: Legg ut politibilete på Facebook
– Mi kjensle er at den store gruppa er godt vaksne menn i 40–50 åra. Farten hos lokalbefolkninga går ned jo oftare og lengre vi står på ein stad, seier han.
Skremmande utvikling
Ei utvikling skremmer derimot Krogen. Større køyretøy er overrepresenterte blant fartssyndarar i nedsette soner.
– Vogntog generelt køyrer ikkje for fort, men det er heller ikkje snakk om eitt og anna ein gong i veka. Det skjer stort sett i alle kontrollar. Vi har opplevd at halvparten av 20 fartsoverskridingar på fire timar i ei 50-sone er store køyretøy, seier han.
– Når du tenkjer storleik og stoppelengd på desse, som gjerne køyrer borti beslag i ei 50-sone på skuleveg utan gang- og sykkelsti, så er det skremmande, legg han til og minner spesielt yngre sjåførar på skadepotensialet.
– Det er sjeldan vi tek sjåførar godt opp i åra som har vore i ein lastebil nesten heile livet sitt.
– Kvifor trur du det er slik?
– Eg trur det er erfaring, kunnskap om trafikkbilete, føreforhold og observasjonar dei gjer seg, kombinert med alle åra dei har utført jobben, gjer at dei er rolegare enn andre.