Hopp til innhold

Foreldre har politimeldt lærar, rektor og kommune for mobbing

Eit foreldrepar har meldt rektoren og ein lærar ved ein barneskule i ytre Nordfjord til politiet fordi dei meiner barnet deira har vorte mobba på skulen og at skulen ikkje har gjort nok for å rydde opp.

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

SKAL UNDERSØKJE: Regionlensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum, stadfestar at ein kommune, rektor og lærar er politimelde for å ikkje ha gjort noko for ein unge som har vorte mobba på ein skule.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende

Det skriv Fjordenes Tidende på sine nettsider.

– Vi har teke i mot ei politimelding frå ein familie som har hatt eit barn på skulen som skal ha vorte mobba gjennom fleire år. Det er kommunen, rektor og ein lærar som er politimelde, seier regionlensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum, til NRK.no.

Han ønskjer ikkje å gå nærare i detaljar om saka.

– Vi tok i mot politimeldinga litt tidlegare denne veka, seier Hvattum.

Har ikkje gjennomført avhøyr

Han stadfestar at politiet har byrja å jobbe med saka.

– Vi har ikkje gjort noko avhøyr endå. Det er eit omfattande materiale vi må setje oss inn i, før vi startar med avhøyrsprosessen, seier Hvattum.

– Kor alvorleg ser du på denne saka?

– Det er det for tidleg å seie noko om før vi har fått med oss alle detaljane, seier Hvattum.

Lensmannen ønskjer ikkje å seie noko om kva skule det er snakk om eller kva kommune skulen ligg i.