Hopp til innhold

Holmås vil be justisministeren om svar etter brann

Leiarkandidat i SV, Heikki Holmås, er rysta etter dødsbrannen på asylmottaket i Førde førre veke. Han vil ha ei utgreiing frå justisministeren.

Video SV om asylpolitikk

SV om asylpolitikk

– Eg kjem til å be justisministeren om å gjere greie for om ho kan sjå at det er ting som kunne vore gjort annleis, seier Holmås.

Førre veke omkom ei 24 år gammal mor og sonen hennar på 20 månader i ein brann. Politiet trur kvinna, i djup fortviling, sette fyr på seg sjølv og sonen sin.

Fekk avslag etter fem år i kø

Kvinna hadde då site fem år i asylkø, men fekk til slutt avslag på opphald. Det enda i tragedie. Hendinga i Førde har sett eld i grasrota i SV.

Lokalt fryktar dei no at tradisjonelt liberale haldningar må vike plassen for ei meir røystevenleg asylpolitikk.

– Vi er ikkje nøgde med det vi klarar å oppnå på asylområdet og den saka som var i Førde er eit svært trist eksempel på kor ille det kan gå med ein tøff asylpolitikk, seier leiar i Sogndal SV, Vibeke Johnsen.

Ikkje på akkord med asylpolitikken

Ei ny meiningsmåling førre veke synte at SV no er under sperregrensa. Men Holmås presiserer at ein ny vekst for partiet, ikkje skal gå på kostnad av asylpolitikken.

– Folk skal vite at dei har eit SV som står på for ein solidarisk asylpolitikk. Eitt av dei første forslaga som eg fremja på Stortinget, vart eit forslag om å sørgje for å gje tryggleik og moglegheita til opphald i Norge for ungar som har vore lenge på asylmottak, seier Holmås.

Vanskeleg med kjernesakene

Lokallagsleiar Johnsen er klar på at situasjonen partiet no har hamna i, er tøff.

– Det er kjempevanskeleg, tykkjer eg. Særleg når det går på det som eg opplever er kjernesakene og hjartesakene våre, nemleg ein solidarisk asylpolitikk og verda rundt oss, seier Johnsen, og legg til at for mange er dette nettopp grunnen til at dei er med i SV.