Hopp til innhold

Har måtte sende vekk over hundre bilar

Roy Gilen vaktar Gudvangatunnelen så ingen skal køyre inni den. I heile dag har han måtte sende tilbake ein heil haug med turistar som ikkje har fått med seg at tunnelen er stengd.

Mange forvirra turistar

MÅ HJELPE: Her forklarar Roy Gilen (til venstre) omkøyringsmoglegheiter til ein russisk turist som ikkje har fått med seg at Gudvangatunnelen er stengd. Russaren er langt frå den einaste som treng hjelp.

Foto: Arne Hofseth / NRK

– Det har vore minst hundre bilar her sidan åtte-ni-tida i dag tidleg, og sikkert endå fleire, seier Gilen som er tilsett hos entreprenøren E. Opedal & Sønner, til NRK.

På oppdrag frå Vegvesenet har han sidan klokka sju onsdag morgon stått utanfor Gudvangatunnelen på Gudvangensida og passa på at ingen køyrer inn i tunnelen. For trass i skilting er det mange som køyrer heilt fram til tunnelopninga før dei skjønar at tunnelen er stengd.

Himlar med auga

Vegen har vore stengd sidan midt på dagen måndag, då ein semitrailer tok fyr inne i tunnelen, noko som førte til at rundt 80 personar måtte evakuerast.

Trass i mykje skilting og høg mediedekning er det ikkje alle som har fått med seg det.

– Det er stort sett utlendingar som kjem, men også nokre norske innimellom. Dei himlar litt med auga når dei høyrer kor langt dei må køyre for å komme til Flåm som er rett på andre sida her, men dei fleste tek det med eit smil. Det var ein her i stad som var litt sur, fortel Gilen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Forvirra turistar ved Gudvangatunnelen

FORVIRRA: Trass i mykje skilting er det mange turistar som køyrer heilt fram til tunnelopninga før dei snur.

Foto: Arnstein Karlsen

Klagar på skiltinga

Også på Shell Gudvangen merkar dei stor pågang frå forvirra turistar. I løpet av 2–3 timar på jobb var det minst 10–15 turistar innom som lurte på kvifor tunnelen var stengd, fortel ein av dei tilsette, Marie Madocs Moen.

– Det er folk innom heile tida, og veldig mange utlendingar, derav ein del svenskar, men også nordmenn, som lurer på kva som har skjedd, fortel ho.

Fleire seier til dei tilsette at skiltinga er vanskeleg å forstå.

– Nokre av dei seier at noko av skiltinga er handskriven, men eg veit ikkje om det stemmer, seier Madocs Moen.

Kaos på Gudvangen ferjekai

Dermed går det mykje tid for dei tilsette på å forklare frustrerte turistar kva omkøyringsmoglegheiter dei har.

– Vi prøvar å unngå å sende dei ned til ferja i Gudvangen som går til Flåm og Kaupanger, for der er det fullt nok som det er. I går sette dei inn ekstraferje, og i dag har det vore minst ein time forseinkingar. Då går det fortare å køyre rundt, i alle fall for dei som skal til Sogndal og Kaupanger. Turistane forstår ikkje heilt at denne ferja ikkje tek så mange bilar, seier Madocs Moen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Forvirra turistar ved Gudvangatunnelen

TRAVEL DAG: Roy Gilen har hatt nok å henge fingrane i som tunnelvakt i Gudvangen. Han seier han i alle fall har fått noko å gjere på, om ikkje anna.

Foto: Arne Hofseth / NRK

Tilstanden på ferjekaia har vore så travel at Gilen har fått beskjed om å ikkje sende fleire bilar ned dit.

– Dei har bede oss om å ikkje sende fleire bilar ned dit, for det er visst kaos der.

Kaptein på ferja «Fanaråken» som går mellom Gudvangen og Flåm seier det er stort trøkk frå før no i høgsesongen, og at dei merkar at det blir ekstra no når Gudvangatunnelen er stengd.

– Vi klarar ikkje å ta unna alt, men vi prøvar å få med oss det vi kan, seier han.

Saman med ferja «Fjærlandsfjord» er «Fanaråken» den einaste ferja på denne strekka som tek med seg bilar. Dei har moglegheit til å ta med seg 20–25 personbilar. «Sognefjord» som trafikkerer mellom Gudvangen og Kaupanger er derimot på storleik med ei vanleg bilferje.

Ifølgje Lilleeng er det førebels ikkje sett inn ekstraferje onsdag.

– Les ikkje skiltinga godt nok

Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen i Lærdal, seier det er riktig at mykje av skiltinga er handskriven.

– Det må bli slik. Vi har ikkje tid til å lage skikkelege skilt når slikt skjer, seier han.

Han meiner problemet er at ikkje alle tek seg tid å lese den skikkeleg.

– Det skjer heile tida. Turistbussar køyrer ofte så langt dei klarar og er ikkje alltid obs på skilting. Er dei usikre bør dei ringe oss før dei køyrer vidare.

Vegvesenet har sett opp skilting på Trengereid utanfor Bergen og på Vinje som er siste kryss mellom Voss og Gudvangen. Elles er det skilta på Hønefoss, Gol, utanfor Lærdalstunnelen, i Aurland og til og med i Sogndal.

– På skilta står det «E16 – stengd/closed. Ring 175 for meir informasjon». Så vi meiner det skal vere god nok dekning, seier Nedberge Hille.