Norges lengste vegtunnelar har ingen alternative rømmingsvegar om det tek til å brenne.
Leiar i transportkomiteen på Stortinget, Knut Arild Hareide, krev ei ny vurdering av Noregs lengste tunnelar.
– Eg meiner at vi må ta ein særleg gjennomgang. Vi må ta tunnel for tunnel og lytte til kva lokalt brannvesen, som kjenner tilhøva lokalt, seier, seier Knut Arild Hareide.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
2000 bilar i døgnet er ikkje nok
Gudvangatunnelen er landets nest lengste vegtunnel med sine 11, 5 kilometer.
I snitt køyrer 2000 køyretøy gjennom tunnelen dagleg. Juli er månaden med høgast trafikk gjennom tunnelen – då nærmar trafikken seg 4000 køyretøy dagleg.
Men trafikken er likevel så låg at det ikkje er krav til rømmingsvegar frå tunnelen. Ulykka måndag skjedde åtte kilometer inne i tunnelen.
Frode Pedersen og dottera var midt i dramatikken. Dei byrja å gå mot utgangen for å berge livet.
– Vi hadde eit teppe framfor oss, men vi hadde gått nokre kilometer, seier Pedersen.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under videoen)
– Eg er så takksam
Gjekk i tunnelveggen fleire gonger
Røyken var så tett at dei to ikkje såg ei hand framfor seg, og gjekk i sikksakk.
– Vi gjekk rett i murveggene både på den eine og andre sida, seier Pedersen.
Han rosar dottera Celine for at ho var flink til å hjelpe til å halde retninga, slik at dei ikkje gjekk heilt feil veg. Til alt hell kom familien Morland køyrande, etter at dei
TAKKSAM: Frode Pedersen takka Laila Morland for livet etter tunnelbrannen.
Foto: Christine Kongsvik / NRKhadde klart å snu inne i tunnelen.
Dei plukka opp far og dotter. Pedersen er klar på at han ikkje veit korleis historia hadde enda elles.
– Eg byrja å lure på om bilen kom frå himmelen. Eg føler at dei redda livet vårt, seier Pedersen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Omfattande kriterium ligg til grunn
Vegdirektoratet opplyser at når det i gjennomsnitt køyrer åtte tusen bilar gjennom tunnelen kvar dag, er det automatisk krav til doble løp, med rømmingsvegar mellom tunnelløpa.
Direktør i Vegdirektoratet, Lars Aksnes, seier trafikkmengd er avgjerande for om det blir bygd tunnelar med enkle eller doble løp.
– Vi har eit omfattande sett med kriterium i vegnormalane som vert lagde til grunn. Det er i all vesentleg grad trafikkmengd det kjem an på, seier direktør i Vegdirektoratet, Lars Aksnes.
(Artikkelen held fram under videoen)
BERRE SKALET ATT: Det er lite att av vogntoget etter brannen. Foto:Johan Moen/NRK
- LES OGSÅ:
Kan vere enklare å byggje nytt
Når lengda på tunnelen er over 10 kilometer skal dei likevel vurdere særskilt om det skal byggast tunnel med doble løp.
– Ein skal då setje i verk ei særskilt vurdering over den standarden du skal byggje, viss du skal byggje ein tunnel over ti kilometer, seier Aksnes.
Det er uansett eit spørsmål vegstyresmaktene må ta stilling til nettopp når det gjeld Gudvangatunnelen.
Innan 2019 skal tunnelen stette ei rekkje nye krav. Det kan bli så omfattande at å byggje ny tunnel er eit alternativ. Aksnes påpeikar at tryggleiken i norske tunnelar uansett er god.
– Tunnelar er det sikraste vegelementet som vi har. Det er større risiko for, og større sannsyn for å komme ut for ei ulykke utanfor tunnelane, seier Aksnes.
- LES OGSÅ:
For ambisiøst at alle skal ha rømmingsvegar
Men Brannvesenet seier det var flaks at ingen omkom i tunnelbrannen onsdag. For dei som kom rett bak vogntoget som tok fyr var det åtte kilometer mellom den eksplosjonsarta brannen og frisk luft ute i det fri på Gudvangensida.
Det er eit faktum KrF-leiaren ikkje likar å tenke på.
– Eg trur det ein tankevekkjar for oss som jobbar med samferdslepolitikk at mange av fagetatane i dag seier at det veldig lett kunne gått menneskeliv tapt, og at vi har hatt flaks som unngjekk det, seier Hareide.
Likevel seier han andre tiltak enn rømmingsvegar i svært mange tilfelle vil vere det realistiske alternativet.
– Rømmingsveg er det beste tryggleikstiltaket vi kan ha. Men å tru at vi skal ha rømmingsvegar i absolutt alle tunnelar og at vi skal ha naudnett i alle tunnelar, trur eg blir for ambisiøst. Men at vi tek ein særleg gjennomgang med brannvernfaglege omsyn i botn, det trur eg blir veldig viktig, seier Hareide.