Hopp til innhold

Ikkje sikkert dei klarar å finne årsaka til at semitraileren tok fyr

Semitraileren som stod i brann i Gudvangatunnelen måndag, er så utbrend, at det ikkje er sikkert det er mogleg å finne årsaka til at bilen tok fyr.

Bilvrak og Gausdal

KREVJANDE: Vogntoget er så utbrent at det er vanskeleg å finne spor på vraket. T.h. Thormod Gausdal i Statens vegvesen.

Foto: Johan Moen/Anna Gytri / NRK

– I ei kvar undersøking vil den moglegheita vere til stades, men eg kan ikkje svare noko på det no, seier Thormod Gausdal i Statens vegvesen.

Politiet har bedd om bistand frå Vegvesenet for å sjå om det finst teikn eller spor på det havarerte køyretøyet som kan forklare noko om kvifor brannen braut ut i trekkvogna.

Mykje laus stein i taket

Måndag tok ein semitrailer fyr inne i den 11,5 kilometer lange Gudvangatunnelen mellom Flåm og Gudvangen.

Nær 70 personar vart sende til sjukehus med varierande grad av røykskadar. For fire av pasientane er tilstanden karakterisert som alvorleg.

Tysdag ettermiddag fekk inspektørar frå Statens vegvesen, SHT, samt personell frå politiet tilgang til tunnelen, etter at geolog hadde sett på skadane.

Dei fekk også løyve til å dra ut den skadde semitraileren, men resten av køyretøya i tunnelen måtte bli ståande, fordi geologen meinte det var for mykje laus stein inne i tunneltaket til at ein fekk lov til å ferdast fritt der.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

STORE SKADAR: Så øydelagt er vogntoget. Foto: Johan Moen/NRK

Leverer rapporten til politiet

Mekanikarar frå Vegvesenet jobbar framleis med å innhente spor, og Gausdal kan ikkje kommentere kva dei eventuelt har komme fram til.

– Vi kom til staden i går, og vi er i arbeid med å undersøkje det som er der. Vi kjem til å levere ein rapport til politiet når vi er klare, seier Gausdal.

Han legg til at rapporten vert laga så snart det er noko å rapportere om.

– Det er vanskelege forhold. Det har vore ekstrem varmeutvikling, og det er ikkje lett å sjå kva som har vore på denne bilen. Han er totalt utbrend, seier Gausdal.

Han legg til at dei går gjennom det som er.

– Vi får ei kartlegging, og så hentar vi inn synspunkt frå ekspertise, seier Gausdal.

Snakkar med aktørane

Også Statens Havarikommisjon for transport (SHT) har vore på staden. Havarikommisjonen er på staden for å samle inn informasjon, og vurdere om dei skal lage ein full rapport.

– Vi held på å samle inn ein del opplysningar vidare i forhold til det som skjedde. Vi har samtalar med dei aktørane som har vore inne i samband med redningsarbeidet, mellom anna, seier havariinspektør i Statens Havarikommisjon for transport, Martin Visnes.

I tunnelen

HAR GÅTT GREITT: Havariinspektør i SHT Martin Visnes fortel at arbeidet på staden har gått bra.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

SHT ser på eit par alvorlege ulykker i året. For at SHT skal ta saka, skal det vere ulykker der skadepotensialet er svært stort, fleire er involverte og at det er eit læringspotensial.

SHT har også kontakt med Statens vegvesen, som er tunneleigar og har ansvar for drifta.

– Det er for å få litt betre totaloversikt over det som skjedde og dei tilhøva som var der, seier Visnes.

Ventar med å fjerne køyretøya

– Vi har vore inne i tunnelen og sett. Alle køyretøya er ikkje fjerna enno, der har vi eit samarbeid med politiet. Vi ser litt kva som skjer der etter kvart, og kor fort vi får komme inn. Det kan vere aktuelt for oss å gå inn att for å sjå på resten, seier Visnes.

– Kor langt er de komne i arbeidet med å samle inn informasjon?

– Vi har iallfall fått ei god oversikt over hendingsgangen. Det står att ein del detaljar som vi driv og samlar inn no, seier Visnes.

Han trur hovuddelen av arbeidet vert unnagjort i løpet av dagen. Så tek gruppa frå Havarikommisjonen med seg informasjonen tilbake til Lillestrøm for å vurdere om det skal gjennomførast ei full gransking.

– Vi må setje oss ned og sjå om vi treng ytterlegare informasjon. Og så må ta ei avgjerd om vi kjem til å gjere ei full gransking, seier Visnes.

Han seier arbeidet så langt har gått bra.

– Jobben vår har så langt gått greitt. Dei hadde jo ein stri tørn, dei som var inne i forhold til ulykka, men jobben vår har gått greitt, seier Visnes.