Hopp til innhold

Var fire dagar utan mobildekning grunna torevêr - meiner dei kunne fiksa feilen sjølve

Lyn og torevêr førte til fire bygder i Austre-Hyen mista mobildekninga. Telenor brukte fire dagar på å fikse feilen. Bygdefolka meiner dei kunne «vridd» på jordfeilbrytaren sjølve, hadde dei berre hatt tilgang.

Gjengedal og Amundsen

VIL GJERE SJØLV: Nils Magne Gjengedal (t.v) meiner det må kunne late seg gjere at lokale folk svitsjar om på jordfeilbrytaren dersom det er den som er problemet. Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen (t.h.), tek med seg innspelet vidare.

Foto: Truls Kleiven/Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Når vi har torevêr eller straumbrot, så har vi berre dekning nokre få timar etter at det er skjedd. Når batterikapasiteten så er slutt, koplar sendaren rett og slett ut. Og då har vi ikkje dekning før dei fysisk er på plass for å fikse det som er i uorden. Som regel er det berre ein jordfeilbrytar som ein må vippe over til vanleg att, og då har vi dekning, seier Nils Magne Gjengedal.

Han er grundig lei av situasjonen.

– Det er både forferdeleg og sørgjeleg dårleg at vi i 2013 står utan mobildekning når slikt skjer. Mange av oss er avhengige av mobiltelefon. Og no på sommarhalvåret så er det mange hyttefolk i grendene våre, seier Gjengedal.

Problemet gjeld for fire grender, Ommedal, Rognkleiva, Mjellem og Gjengedal.

Har tilbydd seg å "vri" på brytaren

– Det får jo følgjer for alle som bur her. Eg veit at ei av dei som bur på Mjellem er montør i SFE, og ho har jo vakt for kraftstasjonane. Når mobildekninga er vekk, så må ho fysisk sitje ved fasttelefonen dersom det skulle skje noko, seier Gjengedal.

Han kjenner også til at folk har tilbydd seg å gjere den fysiske "vippinga" av brytaren.

– Det er litt forferdeleg heile opplegget, seier Gjengedal.

Han meiner dette problemet lett kunne vore løyst, dersom folk i bygda kunne fått lov til det.

– Eg vil påstå at det i sju av ti tilfelle ville vore nok å snu om på denne brytaren. I andre tilfelle ville ein jo berre kunne konstatere at det var noko anna som var gale, slik at det også ville vore enklare for ein montør å komme på staden for å fikse det som var gale, seier Gjengedal.

Graverande at det tek så lang tid

At det er ferietid, og dermed vanskelegare å få på plass folk som kan snu på brytaren når slikt skjer, har han forståing for.

– Det er jo nettopp difor eg meiner at dersom Telenor hadde hatt folk på staden, så hadde dei sloppe å ha dette over seg også. Vi har då folk som er høgt utdanna i mange yrke her, så eg vil tru at det ikkje kan vere problem å finne folk som kunne gjere dette, kanskje med litt kursing, seier Gjengedal.

Han tykkjer det er graverande at Telenor ikkje klarar å få feilen fiksa fortare.

– Anten må Telenor få på plass ein automatikk, eller så må dei få på plass folk slik at dette kan gjerast hurtigare. Vi kan ikkje vere utan mobiltelefon, spesielt ikkje om sommaren. Det er jo folk her som ikkje har fasttelefon her lenger, og kva gjer vi då dersom det skjer ulykker eller folk vert sjuke, spør Gjengedal.

Tek tid å fikse feil

Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, forstår at folk i Hyen ikkje er nøgde med at det tek så lang tid.

– Eg forstår at folk er frustrerte. I dette tilfellet tok det fire dagar, inklusiv ei helg, å få retta feilen. Eg skulle ønskje eg kunne rette alle feil i løpet av ein dag, men det klarar vi faktisk ikkje å gjere, seier Amundsen.

Han har stor forståing for at dei som bur i Hyen opplever fire dagar som lenge.

– Med det utfallet som var med lyn og tore, så var det ein del basestasjonar som vart slegne ut. Då tek det dessverre noko tid å rette det. I dette tilfellet tok det altså fire dagar, seier Amundsen.

Noterer seg "gjer det sjølv"-ideen

Ideen med å la nokon som bur i nærleiken i bygda, få vri om på jordfeilbrytaren, noterer Amundsen seg som interessant.

– Det skal vi ta med oss tilbake. Hadde dette vore ein basestasjon med enkel tilkomst, så kan det vere at vi kunne sagt at dette var eit tilbod vi kunne takke ja til. Men i dette tilfellet er det ikkje Telenor som eig stasjonen, det er Norkring, seier Amundsen.

Dermed er det også anna type utstyr i boksen, og det gjer det hakket vanskelegare å late kven som helst få tilgang til boksen.

– Reint tryggleiksmessig, utan å vere bastant på det, så trur eg ikkje vi har løyve til å gi nøklane til denne basen til einskildpersonar. Men ideen er god, så den skal eg ta med meg vidare, seier Amundsen.

Fastnettet forsvinn ikkje med det første

Men han vil ikkje love at ei slik løysing er på trappene for innbyggjarane i Hyen.

– Eg vil ikkje gå for langt i å love noko. Vi har 7000 slike stasjonspunkt rundt om i Norge, og eg har ikkje lyst til å inngå ein særavtale om ein stasjon. Men viss det syner seg at det er dette som er problemet som går att, så får vi sjå om vi ikkje kan finne ei anna løysing enn den vi har i dag, seier Amundsen.

Mange fryktar at fasttelefon-nettet skal forsvinne på ein-to-tre, men dét går Amundsen sterkt imot.

– Vi har aldri sagt at fasttelefonen skal leggjast ned. Men vi har sagt at den måten som vi får sambandet fram til kundar med fasttelefon på, skal endrast. Vi kjem ikkje til å kople ned noko som helst før vi får alternativ på plass, seier Amundsen.

Han legg til at dei også må ha rettetider på mobilnettet som er på same nivå som det er på fastnett, før dei terminerer fastnettet.

– Men det er det mange år til, seier Amundsen, som lovar å ta ideen frå Hyen med seg.

– Eg har allereie sendt ein e-post vidare i systemet vårt. Dersom det er jordfeilbrytaren som er den problematikken som går att, så må vi sjå på det. Men eg har ikkje fått bekrefta at det er det. I fleire av tilfella var det summetone fram til basestasjonen som var problemet, og då ville det ikkje hjelpt å skru på jordfeilbrytaren, seier Amundsen.