Hopp til innhold

Skal bygge ut mobildekninga

Regjeringa løyver over 6 millionar kroner for å byggje ut mobildekninga i fylket. Framleis er det nokre stadar i Sogn og Fjordane som ikkje har mobildekning.

Liv Signe Navarsete
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Kommunalminister Liv Signe Navarsete vil bøte på det.

– Det finst deler av Sogn og Fjordane som har alt for dårleg, eller ingen mobildekning. Difor får Sogn og Fjordane 6,3 millionar kroner til å bygge ut mobilnettet i fylket.

Navarsete seier at mobildekning er viktig av fleire grunnar. Til dømes den tryggheita det gir å vite at du kan ta med deg mobiltelefonen, og vite at du har dekning og kan få kontakt om uhellet skulle vere ute.

Tilgang til sosiale medier

– Det er klart at for ungdom som veks opp i ei bygd der det ikkje er mobildekning, så vil eg tru at lengten etter å kunne trykke på tastane og sende sms, vere på Facebook og alt dette andre det er viktig, seier Navarsete.

Fylkeskommunen skal styre kvar desse pengane hamnar.