Hopp til innhold

Fjord1-resultatet var ikkje manipulert slår Finanstilsynet fast

Fjord1-overskotet for 2013 var ikkje manipulert og feilaktig oppblåst. Det er konklusjonen til Finanstilsynet som har granska rekneskapen.

Stavangerfjord i Arsvågen

PLUSS I MARGEN: Finanstilsynet finn ingen grunn til å granske vidare Fjord1 sitt rekneskap for 2013.

Foto: Jan Kåre Ness

Finanstilsynet har godkjent rekneskapen til Fjord1. Tilsynet ser heller ikkje grunn til å kritisere Fjord1 sitt revisjonsselskap.

I mai sette Finanstilsynet i gang gransking etter at Fjord1 presenterte eit årsresultat for 2013 på 24 millionar kroner. Men avgått styremedlem, Lars Pamer, hevda dette var feilaktig og oppblåst. Men no har tilsynet konkludert, seier direktør Anne-Merethe Bellamy.

– Basert på ein overordna vurdering frå Finanstilsynet så kan vi ikkje sjå at det er openberre feil i rekneskapen til Fjord1.

Finanstilsynet

INGEN MERKNAD: Direktør i Finanstilsynet, Anne-Merethe Bellamy, finn ingen grunn til å gjere vidare undersøkingar av rekneskapen til Fjord1 for 2013.

Foto: Falch, Knut / NTB Scanpix

Ingen kritikk til revisor

Finanstilsynet ser heller ingen grunn til å kritisere Fjord1 sitt revisjonsselskap PWC.

– Det primære i vår vurdering er revisor sitt arbeid. Og det er det klart, det er ingenting som tilseier vidare oppfølging av revisor. I denne vurderinga så har vi sett på rekneskapen og basert på det vi ser der så ser vi ingen grunn til å følgje opp. Så tilsynsmessig er ikkje dette lenger noko sak for oss.

Tidlegare i år trekte styremedlem Lars Pamer seg i protest frå Fjord1-styret mykje fordi han meinte årsresultatet var manipulert.

Kritikk frå tidlegare styremedlemmer

Etter mykje turbulens i Fjord1-styret, trekte styremedlemmene Eva von Hirsz og Lars Pamer seg frå styret tidlegare i år. I ulike epostar NRK fekk innsyn i, kom det fram sterk kritikk mot styreleiar Reidar Sandal. Sandal avviste på si side kritikken.

Reidar Sandal

LETTA STYRELEIAR: Reidar Sandal i Fjord1 får Finanstilsynet si godkjenning for rekneskapen for 2013.

Foto: NRK

Vidare kom det fram at Lars Pamer meinte det framlagde årsresultatet på 24 millionar kroner i pluss var feilaktig oppblåst. 107 millionar i minus, gjev eit meir realistisk bilde, meinte Pamer.

Konklusjonen til Finanstilsynet gler styreleiar i Fjord1, Reidar Sandal, som er letta.

– Eg er ikkje overraska over at Finanstilsynet kjem til den konklusjonen. Eg er veldig fornøgd med den positiv konklusjonen. Det viser at Fjord1 og den handteringa vi har hatt av rekneskapen for 2013 er akseptert av ein faginstans utanfrå.

– Grunnlause påstandar

Sogn og Fjordane fylkeskommune eig 59 prosent av aksjane i ferjeselskapet Fjord 1. Sunnmøringen Per Sævik eig resten. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes er også fornøgd med Finanstilsynet si avgjerd.

– Eg er ikkje overraska over avgjerda. Eg registrerer alle skuldingane og dei har vore skadelege for selskapet. Eg er glad for at vi har fått slått fast at dette var grunnlaust og eg er som sagt ikkje overraska.

Sandal seier skuldingane om manipulering av rekneskapen har vore belastande for Fjord1.

–Det har vore svært uheldig og ikkje minst for påstandane har vore framsette på sviktande grunnlag. Eg er glad for at vi no kan ha fokus vidare på drive mest mogeleg forretningsverksemd.