Hopp til innhold

Årsresultat blir hevda å vere feilaktig - Finanstilsynet vil sjå nærare på saka

Bråket i landets største ferjeselskap, Fjord1, når no nye høgder. Påstanden om at selskapet sitt årsresultat for i fjor er kraftig oppblåst kan no bli ei sak for Finanstilsynet.

Fjord1

BRÅK: Det har storma rundt Fjord1 i det siste, då det har kome fram at det er bråk og konfliktar internt i styret.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det har storma rundt Fjord1 den siste tida, og det ser ikkje ut til å gje seg med det første. No kan nemleg arbeidet som er gjort med årsrekneskapen for 2013 bli sett under lupa.

Fjord1 presenterte nyleg eit årsresultat på 24 millionar kroner for fjoråret, men avgått styremedlem, Lars Pamer, hevdar dette er både feilaktig og oppblåst. Han meiner i staden eit underskot på 107 millionar kroner er meir realistisk.

Direktør for marknadstilsyn i Finanstilsynet, Anne Merethe Bellamy, seier det er grunn til å sjå nærare på saka.

- Vi vil i lys av denne saka og det som er kjent gjennom media, og eventuelt også innrapporteringar av saka om vi skulle få det, vurdere å følgje opp revisor og revisjonsselskapet til Fjord1, seier Bellamy til NRK.no.

Hevdar selskapet er i djup krise

Finanstilsynet

VURDERER Å SJÅ NÆRARE PÅ SAKA: Seier direktør for marknadstilsyn Anne Merethe Bellamy i Finanstilsynet.

Foto: Falch, Knut / NTB Scanpix
Eva von Hirsch

DJUP KRISE: Nyleg avgått styremedlem Eva von Hirsch har i ein e-post skildra Fjord1 som eit selskap i djup krise.

Foto: Pressefoto / Fjord1
Reidar Sandal

FÅR KRITIKK: Styreleiar Reidar Sandal i Fjord1 får krass kritikk frå to avgåtte styremedlemmer. Sjølv avviser han kritikken.

Foto: NRK

NRK fortalde sist veke at to av styremedlemmene i Fjord1 har trekt seg frå styret. Dette gjorde dei i protest mot styreleiar Reidar Sandal og hans leiarstil.

Lars Pamer, som representerer minioritetseigaren Havilafjord, gav på styremøtet den 29. april beskjed om at han trekte seg med umiddelbar verknad. Eva von Hirsch, som representerer majoritetseigaren Sogn og Fjordane fylkeskommune, melde på si side at ho ville gå av på førstkomande generalforsamling.

I ein epost NRK har fått tilgang til hevdar von Hirsch at Fjord1 er eit selskap i djup krise, med leiarproblem og med kunnskapsmangel på ei rekkje felt. Både von Hirsch og Pamer kjem med krass kritikk av styreleiar Reidar Sandal, og han blir mellom anna skulda for å nytte seg av hersketeknikkar og å ha ein altfor autoritær leiarstil.

Styreleiar Reidar Sandal har på si side avvist at Fjord1 er eit selskap i djup krise, og meiner påstandane om hans leiarstil er grunnlause.

Hevdar 24 millionar i pluss i staden er 107 millionar i minus

I samband med bråket og konfliktene i styret har det også kome fram at det har vore sterk usemje om Fjord1 sitt årsresultat for 2013. I epostane NRK har fått tilgang til blir årsresultatet diskutert.

Lars Pamer

TREKTE SEG: Nyleg avgått styremedlem Lars Pamer.

Foto: Pressefoto / Fjord1

Det er i ein av desse epostane at det går fram at nyleg avgått styremedlem Lars Pamer meiner plussresultatet på 24 millionar kroner er direkte feil.

I motsetnad til administrasjonen og resten av styret meiner Pamer at eit minusresultat på 107 millionar kroner gir ei meir objektiv framstilling av resultatet.

Han viser mellom anna til at det ligg inne eit latent tap på 130 millionar kroner på sikringsforretningar, og at ei irrasjonell handling frå ein kontraktsmotpart må til for at ikkje resultatet skal bli 20 millionar kroner dårlegare enn det administrasjonen legg opp til.

I e-posten frå Pamer heiter det mellom anna:

«Etter ei rekkje økonomiske skandalar, blant anna Enron og Tromskraft, har styret si plikt til å levere ein mest mogleg objektivt og riktig rekneskap, auka monaleg. Vidare byggjer heile kredittsystemet på at lånetakarar ikkje manipulerer rekneskapsdata.»

Påstandane frå Pamer blir avvist av konstituert administrerande direktør i Fjord1, Stig Kristoffersen.

– Konklusjonen, etter ein svært nøye gjennomgang både av oss, kontrollert av revisoren vår, tilseier at resultatet vårt for 2013 på 24 millionar kroner overskot er heilt korrekt, seier Kristoffersen.

Vil sjå nærare på saka

Det er revisjonsselskapet PwC sitt lokalkontor i Førde som har revidert rekneskapet for Fjord1. Direktør Anne Merethe Bellamy i Finanstilsynet seier det difor kan bli aktuelt å reise til Førde for å finne ut korleis revisjonsselskapet har handtert saka.

- Dette vil kunne skje gjennom eit stadleg tilsyn på revisjonskontoret, seier ho til NRK.no.

Ho stadfestar samtidig at eposten frå Pamer kan bli eit sentralt dokument i saka. Om Finanstilsynet finn at noko ikkje har blitt gjort etter boka, er det ulike typar sanksjonar dei kan kome med, fortel direktøren.

- Vi kan kritisere revisor, og vi kan pålegge retting, altså pålegge revisor å endre sitt arbeid og sine rutinar. I svært sjeldne tilfelle kan vi også tilbakekalle godkjenninga til å drive som revisor, seier Bellamy som seier det dei finn ved eit slikt tilsyn i yttarste konsekvens også kan ende med ei politimelding.

NRK har vore i kontakt med revisjonsselskapet PwC, men dei ønskjer ikkje kommentere saka.

Tek avstand frå spekulasjonar om feil

I ei pressemelding sendt ut onsdag kveld tek eigarane av Fjord1 sterk avstand frå skuldingane om at det er feil i rekneskapen.

«Eigarane av Fjord1, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Havilafjord AS, tek sterk avstand frå spekulasjonar og påstandar omkring feil i rekneskapen i selskapet. Eit samrøystes styre har etter anbefaling frå statsautorisert revisor og revisjonsmelding, godkjent og underskrive rekneskapen for 2013. Etter dette er rekneskapen godkjent i ordinær generalforsamling. Eigarane understrekar at Fjord1 er eit solid og fokusert selskap, som vert drive etter forretningsmessige prinsipp etter norsk standard og regelverk», står det mellom anna i pressemeldinga.

Pressemeldinga er underskriven av Åshild Kjelsnes, fylkesordførar i Sogn og Fjordane, og Per Sævig på vegne av deleigar Havilafjord AS.

Dei to skriv vidare at dei som eigarar er «samde om å sjå framover med tillit til eit oppegåande og fungerande styre som i desse dagar vil bli supplert med to nye, kompetente og erfarne styremedlemmar».