Bråk i Fjord1-styret – to styremedlemmer har trekt seg i protest mot styreleiaren

To styremedlemmer i Fjord1 har trekt seg i protest mot styreleiar Reidar Sandal. Ei tekstmelding frå fylkesordføraren skal også ha spelt inn.

Fjord1 og Reidar Sandal

SKULDA FOR Å VERE LITE LYDHØYR: Dei to styremedlemmene som har trekt seg frå Fjord1-styret skal ha lite til overs for Reidar Sandal sin leiarstil.

«Altfor autoritær leiarstil» og «altfor lite lydhøyr overfor offshore- shippingkompetansen i styret».

Dette er nokre av skuldingane som er bakgrunnen for at styremedlemmene Eva von Hirsch og Lars Pamer uttrykte sin sterke misnøye på styremøtet i Fjord1 den 29. april.

Gjekk av umiddelbart

Pamer, som representerer minoritetseigaren Havilafjord, gav beskjed om at han trekte seg med umiddelbar verknad.

Eva von Hirsch, som representerer majoritetseigaren Sogn og Fjordane fylkeskommune, melde frå om at ho ville gå av på førstkomande generalforsamling.

Verken von Hirsh eller Pamer ønskjer å kommentere saka overfor NRK.

Tek ikkje sjølvkritikk

Reidar Sandal tek på si side ingen sjølvkritikk.

– Eg praktiserer møteleiinga etter dei organisasjonsmessige prinsipp som er aksepterte, og som står seg også i andre samanhengar, seier Sandal til NRK.no.

– Men har du ikkje ein autoritær leiarstil?

– Nei, det er eg usamd i. Eg er oppteken av at vanleg organisasjonsmessig skikk og bruk skal følgjast, seier han.

(Artikkelen held fram under)

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

TEKSTMELDING: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes vil ikkje kommentere tekstmeldinga.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Reagerte på tekstmelding

Eva von Hirsch skal ha orientert fylkesordførar Åshild Kjelsnes om misnøya mot Sandal allereie i mars. Til svar skal von Hirsh mellom anna ha fått ei tekstmelding frå fylkesordføraren som von Hirsch oppfatta som urettferdig og upassande.

Tekstmeldinga skal ha vore ein medverkande grunn til å ho trekte seg frå styret.

Tekstmeldinga frå fylkesordføraren vart lesen opp under styremøtet i Fjord1 den 29. april.

Ordknapp fylkesordførar

Fylkesordførar Aashild Kjelsnes ønskjer ikkje å kommentere den omstridde tekstmeldinga.

– Eg kommenterer det ikkje i det heile tatt.

– Men kvifor sende du tekstmeldinga?

– Eg kommenterer ikkje det som er eit forretningsstyre.

Har tillit til Sandal

– Men no er det slik at to styremedlemmer har trekt seg mellom anna grunna misnøye mot styreleiar Reidar Sandal. Kva kommentar har du til dette, du som representerer den største eigaren?

– Det er ikkje uvanleg at det er utskiftingar i styret. Det også er tilfellet her.

– Har du tillit til styreleiar Reidar Sandal?

– Eg har full tillit til styreleiaren og det styret som sit der, seier Kjelsnes.

Misnøgd Sævik

Også eigaren av Havliafjord, sunnmøringen Per Sævik, har vore misnøgd med måten styrearbeidet har fungert på.

Han ønskjer ikkje å kommentere saka.

Kjelsnes vil ikkje seie noko om når og kva måte ho har vorte informert om striden i Fjord1-styret.

Profesjonelle styremedlemmer

Dei to som trekte seg frå Fjord1-styret har begge mange andre tunge styreverv.

Eva von Hirsch er mellom anna styremedlem i Aker Drilling ASA og Bergen Group ASA. Tidlegare har ho vore styremedlem i Aker ASA og Kværnes ASA.

Under fusjonsforsøket mellom Telia og Telenor var ho spesialrådgjevar for konsernleiinga.

Lars Pamer er styreleiar i sju ulike selskap. I tillegg er han styremedlem i fire andre selskap.

Stort selskap

Fjord1 har 1200 tilsette og hadde ei omsetning på 2,3 milliardar kroner i fjor. Årsresultatet var på 24 millionar kroner.

Sogn og Fjordane fylkeskommune eig 59 prosent av aksjane i selskapet. Havilafjord, ved sunnmøringen Per Søvik, eig resten.