Hopp til innhold

Bolseth får si første scoring på 25 månader

TV-bileta viste at Rune Bolseth sa frå seg ansvaret for Sogndal si 2-0-scoring mot Strømmen. No er det klart at han får den.

Rune Bolseth applauderer før kampstart

FÅR MÅLET: Det var lenge tvil om kven som stod bak Sogndal sitt 2–0 mål mot Strømmen. No har NFF bestemt at det er kaptein Rune Bolseth som blir kreditert scoringa.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Onsdag kveld vurderte nemleg Fotballforbundet scoringa. Og konklusjonen er klar:

Sogndal-kaptein Rune Bolseth får godkjent sitt første seriemål på 25 månader.

– Ut frå TV-bileta er det umogleg å sjå om ballen touchar borti andre før den går i mål. Dermed blir det som står i kamprapporten ståande, stadfestar Nils Fisketjønn, leiar i konkurranseavdelinga hos NFF.

Tvilar enno på om han var sist på ballen

Det kan vel kanskje kallast scoringa ingen ville ha, det som sende Sogndal opp i ei tomålsleiing mot Strømmen måndag. For med ein viftande peikefinger signaliserte Sogndal-kapteinen at speaker annonserte feil målscorar.

Super-Ruben vart helten mot Strømmen

VIKTIG SIGER: Rune Bolseth og Ruben Holsæter vart begge målscorarar i den viktige sigeren mot Strømmen sist måndag.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– No er det så mange som har sagt at eg scora, så då får eg høyre på dei, sa Bolseth etter kampen.

I Strømmen-leiren er det, naturlegvis, ingen som har teke til orde for ein annan målscorar enn Bolseth. Då hadde det i tilfelle blitt ståande att som eit sjølvmål.

– Eg veit framleis ikkje om eg vart borti den eller ikkje. Men viss eg får målet, så tek eg gjerne i mot. Det har ikkje akkurat rent inn mål frå meg den siste tida, så då er det hyggjeleg med ei scoring, seier Bolseth.

Vil ikkje love ketchup-effekt

Han har aldri vore kjent som nokon målgarantist, men i enkelte sesongar har han glimta til. Han putta seks mål for Sogndal i eliteserien både i 2001 og 2002 og i 2011 scora han sju mål i tillegg til elleve assist for Hønefoss i 1. divisjon.

– Kor stor er sjansen for at vi får sjå ein ketchup-effekt etter dette målet?

– Det er ikkje vanvitig sannsynleg når du ser på kor mange mål eg har scora i det siste. Eg har eit mål om å score i det minste eitt mål til på dei siste kampane. Men det er sigrane vi skal ha, så får heller måla kome i andre rekke, seier Bolseth.