– Kristian har teke steget, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke, før fyrstedivisjonskampen i fotball mot Follo på Fosshaugane Campus i kveld.
Fardal Opseth nærmar seg Pontus Engblom frå Sandnes Ulf på toppskårarlista. Dei står med høvesvis 11 og 12 mål.
– Eg håpar Kristian kan få eit par til i dag, smiler Bakke.
– Men om han er toppskårar eller ikkje, er ikkje så nøye for meg, så lenge han gir 110 prosent på bana, og han og Mahatma (Otoo) lagar vanskar for Follo, så er eg nøgd med dei.
Petter Aase frå start
Bakke har gjort fleire endringar i lagoppstillinga etter 5-0-sigeren borte mot Bærum førre helg. Tidlegare Florø-spelar Peter Aase får debuten sin frå start.
– Eg føler han har kome bra inn i det og gjorde eit godt innhopp mot Bærum sist, så no fortener han å få starta, seier Bakke.
Bjørn Inge Utvik går ut av startoppstillinga. Det gjer òg Eirik Skaasheim. Inn kjem ein skadefri Victor Grodås og Babacar Sarr, som måtte stå over førre kamp på grunn av tre gule kort.
Laget til Sogndal: Mathias Dyngeland - Taijo Teniste, Hannu Patronen, Christophe Psyché, Victor Grodås - Peter Aase, Rune Bolli Bolseth, Babacar Sarr, Thomas Drage - Kristian Fardal Opseth, Mahatma Otoo