Hopp til innhold

Difor kan det nesten ikkje gå gale

Sjansane for at Sogndal skal klare å rykkje opp er på heile 96,9 prosent...

Kristian Fardal Opseth stormar i angrep mot Follo

STØ KURS: Kristian Fardal Opseth og Sogndal har sett sterke ut gjennom heile sesongen. Matematikk syner at sjansane for opprykk no er svært gode.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi har komme fram til at det er veldig, veldig gode sjansar. Det kan vel nesten ikkje bli stort betre, seier assisterande forskingssjef Anders Løland ved Norsk Regnesentral.

NRK har bede talknusarane rekne ut kor sannsynleg det vil vere at Sogndal klarer å rykkje opp til eliteserien. Og resultatet:

  • Det er 86 prosent sjanse for at Sogndal tek førsteplassen i førstedivisjon.
  • Sogndal sine sjansar for første- eller andreplass er 96,5 prosent.
  • Sjansane for opprykk inkludert kvalifisering er på totalt 96,9 prosent (sjå også faktaboksen til høgre)

– Det er veldige store tal reint matematisk. Og det vil seie at dette ikkje vil ordne seg i omtrent tre av hundre gongar. Så sjansane blir nesten ikkje større enn det, seier Løland.

Espen Næss Lund

GIR IKKJE OPP: Espen Næss Lund meiner Sogndal er store favorittar til opprykk, men har ikkje gitt opp å hente inn serieleiaren. Her er Næss Lund frå tida han spelte i Sogndal.

Foto: Stig Høynes / NRK

Har ikkje gitt opp å passere Sogndal

Sogndal viste styrke og vinnarvilje då dei snudde kampen og sikra trepoengaren mot Follo på søndag. Med åtte kampar igjen å spele er det sju poeng ned til Kristiansund og Brann i toppen av tabellen.

Det er ei luke mange meiner burde halde for Eirik Bakke & co.

– Når dei klarer å bikke kampen som mot Follo – og held på slik – vitnar det om at dei stabiliteten ein treng for å rykkje opp. Dei er favorittar til iallfall å ta den eine plassen til opprykk, seier tidlegare Sogndal-stoppar Espen Næss Lund.

Han spelar no for Kristiansund, og avviser at dei har gitt opp å ta igjen serieleiaren – sjølv om han veit at akkurat det kan bli vanskeleg.

– Det er ikkje så mange poeng opp. Alt er mogleg i fotball, og det er små marginar som skil. Så her kan alt skje, seier han.

Bjørn Inge Utvik

JUBEL: Bjørn Inge Utvik kunne sleppe jubelen laus etter den avgjerande scoringa mot Follo.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Veit at forspranget fort kan bli spist opp

Bjørn Inge Utvik vart den store helten, då han kjempa inn den avgjerande scoringa heime mot Follo. No er han på samling med U21-landslaget i Sverige, men meiner Sogndal må vere skjerpa i innspurten av haustsesongen.

Han er overraska over at opprykkssjansane er så store.

– Det var ein veldig høg prosent. Eg føler det ikkje slik sjølv, seier midtstopparen.

– Alt er opp til oss sjølve, og det er viktig at vi konsentrerer oss i kvardagen. No må vi berre tenkje neste kamp og ta tre poeng, seier Utvik.

– Kva seier du til dei som meiner det langt på veg er avgjort?

– Det er mange kampar og poeng igjen. Plutseleg kan vi gå på ein smell, og dei bak oss byrjar å vinne. Og då blir forspranget fort spist opp. Det har skjedd større ting før. Vi skal jobbe steinhardt for å ta dei poenga vi treng.