Hopp til innhold

Bilindustrien løftar smelteverka

Grønt skifte i bilbransjen skapar etterspurnad etter rein alumiinium.

Hydro Årdal Metallverk

VEKS PÅ BIL: Dei 550 arbeidsplassane til Hydro i Årdal nyt godt av at bilbransjen tenker vekt og miljø.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Aluminiumsindustrien i Sogn merkar at bilindustrien er inne i eit grønt skifte. Strenge vekt og utsleppskrav gjer at aluminium laga av fornybar energi er blitt ei svært etterspurt merkevare.

Verkssjef ved Hydro i Årdal Egil Fredriksen seier marknaden for alumiumskarosseri til bilar veks så raskt at det nesten er eit problem å få laga nok

– Markanden veks enormt raskt, etterspurnaden er nærmast umetteleg. Det er vidareforedlingskapasiteten nede i Europa som avgrensar kor mykje vi kan levere der.

Fordel med grøn kraft

Fredriksen seier bilprodusentane etterspør råvarer som er produsert med minst mogleg utslepp av Co2.

– Det å ha rein aluminium er ein kjempefordel i marknaden, strenge kvalitetskrav er også ein fordel for oss.

høyanger metallverk

ETTERSPURT: Dei 160 tilsette ved Hydro i Høyanger kan gle seg over at bilindustrien satsar på aluminium.

Foto: Hydro

Bilindustrien sikrar marginane

Og det som er viktig for Hydro er også viktig for Årdal og Høyanger. Til saman 710 menneske står på lønslista til Hydro i dei to bygdene, 550 av desse i Årdal.

For tida er prisane på aluminium svært låge på verdsmarknaden, men gunstig kronekurs og voldsom etterspurnad frå europeisk bilindustri er med å sikre marginane, forklarar verkssjef i Høyanger Wenche Eldegard.

Wenche Eldegard

SPENNANDE ÅR: Verksjef i Høyanger Wenche Eldegard er spent på kva som skjer med overproduksjonen av aluminium.

Foto: Johan Moen / NRK

– Vi får meir betalt frå bilindustrien, slik at marginane på produkta vert høgare til neste år.

Kvifor er aluminiumsprisane så låge?

– Det er større produksjon enn etterspurnad. Mykje av usikkerheita i marknaden skuldast at Kina no leverer til marknaden i Europa og pressar prisane nedover.

Blir færre tilsette

Men trass spennande tider, og nye produksjonsrekordar har begge verka effektiviseringskrav over seg i året som kjem.

Hydro i Årdal skal åleine effektivisere for 20 millionar kroner, i tillegg er arbeidsstokken aldrande. Dei neste tre åra skal seksti tilsette gå av med pensjon i Årdal, men ungdomen bankar på døra. Nedturen i olje og gass har gjort landindustrien meir attraktiv. Hydro i Årdal har no heile 50 lærlingar.

Egil Fredriksen

OMSTILLING: Verkssjef i Årdal Egil Fredriksen gir ikkje verket omstillingspause. Det blir færre tilsette i åra som kjem.

Foto: Tony Hall / Hydro

– Vi har god rekruttering. Vi er truleg den største lærlingverksemda i Sogn og Fjordane.

Men sjølv om verka trur dei vil unngå oppseiingar i 2016, blir det færre på lønslista til Hydro her i fylket.

– Du kjem ikkje unna det. Noreg er eit høgkostland og bemanninga vil stadig gå nedover. På 80-talet var det 2000 tilsette på Årdal verk, i dag er vi 550 og produserer likevel meir i dag. Det er ganske sikkert at det blir førre tilsette i 2016, seier Fredriksen.