Hopp til innhold

Auksjonerte vekk Astrup for 3,1 millionar kroner – på under eitt kvarter

– Dette har ikkje skjedd før, og kjem heller ikkje til å skje igjen, seier Hans Richard Elgheim. Måndag kveld auksjonerte han vekk fem verk av Nikolai Astrup (1880-1928).

Hans Richard Elgheim

AUKSJONERTE: Hans Richard Elgheim og Grev Wedels plass Auksjoner hadde ein auksjon langt utanom det vanlege måndag kveld.

Foto: Heiko Junge / Scanpix

Grev Wedels plass Auksjoner har sjeldan hatt slik oppslutnad som då dei måndag kveld gjennomførte første del av Grev Wedels Moderne og Klassiske Auksjon.

Hovudårsaka som trekte nær 200 bydarar til lokala i Oslo var ein kjend kunstnar frå Jølster, Nikolai Astrup.

– Det var gjennomgåande høg kvalitet på verka, men Astrup-auksjonen var høgdepunktet. Når ein har sju verk av så høg kvalitet, då kjem folk. Det var stappa her. Rett og slett, fortel auksjonarius Hans Richard Elgheim kort tid etter at auksjonen er avslutta.

Lang bodrunde

Av dei sju Astrup-verka, vart fem selde. To av verka gjekk over takst, medan dei tre siste gjekk til den lågaste vurderinga. Totalt selde dei Astrup-verk for 3,1 millionar kroner på under eitt kvarter.

Juninatt i haven
Foto: Skjermdump / Grev Wedels Plass Auksjoner

Mest kamp, og høgast pris, vart det for tresnittet «Fugl på stein». Med ein pris på 1,3 millionar kroner er det det nest dyraste tresnittet som er seld av Astrup.

– Ein veldig solid pris for eit ikon, og det var fem bodgjevarar som starta på 700 000 kroner. Bodgjevinga tok nokre minuttar, seier Elgheim.

– Once in a lifetime

Som dermed kan skilte med å ha seld både det dyraste, og nest dyraste, tresnittet av Astrup. I 2011 klubba han det historiske bodet på 3 millionar kroner for «St. Hansbål».

Fra Gilleleje 1916 av Ludvig Karsten

DYRAST: Auksjonens høgaste pris fekk Ludvig Karstens «Fra Gilleleje 1916» som vart klubba for 1,5 millionar etter ei førehandsvurdering på 700 000 - 900 000 kroner. – Det er også den høgaste prisen som er oppnådd på auksjon i Norge i år, seier Hans Richard Elgheim.

Elgheim seier det er høgst ekstraordinært å få sju så flotte Astrup-verk i ein og same auksjon.

– Det er ei «once in a lifetime»-oppleving. Vi har lenge vore budd på at dette ville bli den eine gongen i karrieren med så mange og flotte Astrup-bilete på same auksjon. Når ein att på til selde det dyraste for fire år sidan, så er det storarta, seier han.

Ventar meir sal

Eit verk som ikkje vart seld, var måleriet Juninatt, Prestegårdshagen. Verket var vurdert til mellom ein million og ein halvannan million kroner.

– Det er tresnitta Astrup er kjend for. Det er der han er nyskapande og særeigen. Det er her han skil seg ut frå dei andre, seier han og likevel trur at dei tre uselde verka kan få nye eigarar. Om ikkje i kveld, så tysdag eller seinare i veka.

– Det er tradisjonelt færre kjøparar på måleri enn fargetresnitt. Det kan vere at prisen var sett for høgt, men det kjem alltid førespurnad i etterkant, seier han.

Hatt bileta lenge

Elgheim kan ikkje seie anna om kjøparane enn at det er ti tunge og bevisste samlarar som driv marknaden i Norge. Selgarane var private, norske samlarar som har hatt bileta lenge.

– Nokre har hatt verka i generasjonar. Andre i 40–50 år. Det stadfestar også kor sjeldan denne sjansen var, seier han og ikkje har noko forklaring på kvifor det kom så mange verk på same tid.

– Så kan det også vere at nokon spekulerer i at når Astrup no skal ut i verda og bli presentert for eit større og internasjonalt publikum at det kunne vere eit fint høve å selje på, seier han og viser til utstillinga som no skal rundt i Europa.