Hopp til innhold

Astrup-verk gjekk for rekordpris

Fargetresnittet «St. Hansbål» gjekk for historiske tre millionar kroner under kunstauksjonen til Grev Wedels Plass Auksjoner.

Hans Richard Elgheim

EIN DRAUM: - Dette er slikt du berre drøymer om, seier auksjonarius Hans Richard Elgheim etter å ha selt eit Astrup-verk for tre millionar kroner.

Foto: Heiko Junge / Scanpix

Bilete av den kjende Jølster-kunstnaren Nikolai Astrup var verdsett til mellom 800 000 og 1 000 000 kroner.

– Det er jo ein draum for ein auksjonarius. Stemninga blir heilt elektrisk. Ein kjenner jo at ein er med på noko historisk og berre lurer på kvar det stoggar. Dette er sensasjon, seier ein engasjert dagleg leiar og auksjonarius, Hans Richard Elgheim.

Fekk applaus

Det er ikkje første gong at eit Astrup-verk går for millionar av kroner. Mellom anna gjekk «Soleienatt» for 3,1 millionar kroner under ein auksjon i London i 2007 . I tillegg gjekk «Groveir» for 2,2 millionar kroner i 2006.

Då tresnittet «St. Hansbål» skulle skifte hender måndag kveld, var i alt fire norske bydarar med på bodrundene til godt over millionen.

St. Hansbål

REKORD: Aldri før har eit tresnitt av Nikolai Astrup gått for så mykje som «St. Hansbål».

Foto: Fargetresnittet av Nikolai Astrup

To personar hengde på heilt til slutt og klubba fall på historiske tre millionar kroner. Så mykje har aldri eit tresnitt av Astrup-kunstnaren gått for.

– Då er stemninga fortetta og eg kan røpe at då klubba fall, så braut det ut applaus. Det er det ikkje ofte det gjer, fortel Elgheim og fortel at alle bydarane var fire store Astrup-samlarar.

– Sensasjonelt

Fargesnittet med handkolorering på tjukt papir er på 35,7x35 centimeter. Elgheim seier det var eit eksepsjonelt flott bilete av eit kjent motiv. Samstundes er tresnittet veldig sjeldant på marknaden.

Elgheim skildrar tilslaget som sensasjonelt. Ut frå interessa før auksjonen hadde både han og andre bydarar store forventingar til kvelden.

– Det hadde alle kvalitetar som skulle tilseie ein høg pris, men tre gonger vurderinga var mykje, vedgår han.

Astrup og Munch

Allereie i prisvurderinga låg det rekord for eit fargetresnitt av Jølster-kunstnaren. Det meste eit tresnitt tidlegare har gått for var opp under 700 000 kroner.

– Dette plasserer Astrup heilt i fremste rekkje, med Munch og hans grafikk. Om du ser vekk frå Munch er det ingen grafikarar som oppnår i nærleiken av det Astrup gjer her, seier Elgheim engasjert.

– Dei var mållause

Elgheim fortel at biletet i lengre tid har vore i privatpersonar sitt eige. Dei var også tilstades under auksjonen måndag.

Desse skal ikkje ha vore erfarne folk i kunstmarknaden og var i utgangspunktet nøgde med verdisettinga. Som etterkvart viste seg å vere vel nøktern.

– Eit slikt sal må opplevast som å vinne i lotto. Dei var mållause og berre kjempeglade, seier Elgheim.

– Det var ein auksjon på sitt aller, aller beste og er eitt av høgdepunkta i vår karriere, avsluttar han.