Hopp til innhold

Regjeringa lovar fylket 65 millionar ekstra til samferdsle i året

Frank Willy Djuvik frå Framstegspartiet meiner det er all grunn til å sjå meir optimistisk på den økonomiske framtida til fylkeskommunen etter nye løyvingar frå regjeringa.

Frank Willy Djuvik er glad for at regjeringa no vil løyve meir pengar til samferdsle.

HÅP: Frank Willy Djuvik trur fylkeskommunen kan sjå lysare på den økonomiske situasjonen, spesielt på samferdslesida, etter at regjeringa løyver meir pengar til tunnellsikring.

Foto: Montasje NRK

– Det blir ein heilt anna økonomisk kvardag enn det vi hadde sett føre oss dei neste to åra i alle fall, seier Frank Willy Djuvik.

Fylkesleiaren i Framstegspartiet er glad for at regjeringa har lytta til innspela frå mellom anna Sogn og Fjordane Fylkeskommune, og løyvd meir pengar til samferdslesektoren. Årleg skal fylka få 272 millionar kroner, og 65 av desse vil kvart år gå til Sogn og Fjordane.

Pengane er frie midlar til fylkeskommunane, men er tenkt brukt i samband med nye krav til tryggingstiltak i fylkesvegtunnellar. Pengane skal kome som løyvingar frå og med 2015 til 2019. Sogn og Fjordane får mest av alle fylka i denne potten med sine 65 millionar kroner. Ei kartlegging etter Gudvangabrannen synte at 200 av 253 riksvegtunnellar ikkje tilfredsstiller EU sine tryggingkrav.

SJÅ NYHEITSSAKA OM KVA PENGANE FÅR Å SEIE FOR NORSKE VEGAR

Created by InfoDispatcher

Blir lettare økonomisk, men må framleis gjere endringar

– Fylka har store utfordringar med å halde vegnettet, og desse pengane i tillegg til auka handlingsrom til investeringar i fylkesvegar, gjer at fylkesvegane er budsjettvinnaren i statsbudsjettet, seier Djuvik, to dagar før det endelege statsbudsjettet blir presentert.

Før helga kom det også andre lekkasjar frå statsbudsjettet, der det vart klart at ein får meir pengar til å investere i fylkesvegane. Onsdag kjem det første statsbudsjettet der Høgre og Framstegsspartiregjeringa har hatt handa på rattet gjennom heile prosessen.

Etter at regjeringa la fram det nye inntektssystemet for fylkeskommunane, har mange sett dystert på den økonomiske framtida for Sogn og Fjordane. Kutt på 230 millionar kroner har vore skissert, og dei siste politiske møta har i stor grad handla seg om kvar det kan kuttast og skjerast ned for å få økonomien til å gå rundt.

– Innsparingskravet som ligg på samferdslesektoren blir mykje lågare, og forsvinn heilt dei to første åra. Våre økonomiske utfordringar blir reduserte, men dei forsvinn ikkje. Vi må gjere endringar for å tilpasse oss det nye inntektssystemet, seier Djuvik.

Kan bruke pengane til kva dei vil

Pengane som kjem inn til fylkeskommunen kan i prinsippet brukast til kva som helst, då pengane ikkje er øyremerka, men Djuvik tilrår at politikarane brukar det på samferdsle.

– Den store reduksjonen i inntektsramma kom i samferdslesektoren. Med det som blir gjort no, så får ein kompensert for dette i stor grad, meiner Frp-politikaren.

Dersom politikarane ynskjer det, så kan pengane brukast til å halde oppe bokbåten, til dømes?

- Ja, teoretisk sett, så kan vi gjere det, men det rår eg frå. Det er opp til fylkeskommunen å prioritere desse midlane. Vi har heile tida visst vi har ei utfordring med fylkesvegane, og har løyvd pengar for å ruste dei opp, og no får vi pengar for å kompensere for dette og til løyvingar vi kan gjere i åra framover, seier Djuvik.

Han meiner pengane som mellom anna kjem Sogn og Fjordane til gode, kan vere ein peikepinn på at det ikkje har vore behov for å krisemaksimere kring den økonomiske situasjonen.

– Eg har tidlegare prøvd å påpeike at ein må vente til ein ser dei endelege rammene før ein kan krisemaksimere så mykje som er gjort. Dei komande to åra vil vi klare oss greitt. I statsbudsjetta for dei neste åra vil det vere reduksjon nokre stader, men auke andre stader, seier Djuvik.