Hopp til innhold

Tapte mest – no får Sogn og Fjordane over 20 millionar

Fylket får 22,5 millionar kroner i tapskompensasjon. Det har kommunalkomiteen på Stortinget bestemt. – Vidareføring vil hjelpe oss, men vi avheng av opptrapping, seier fylkesrådmann Tore Eriksen.

Fylkeshuset Sogn og Fjordane

FÅR MEIR PENGAR: Sogn og Fjordane fylkeskommune står framfor store kutt. No kjem det 22,5 millionar i tapskompensasjon.

Foto: Arild Nybø / NRK

Det nye inntektssystemet for fylkeskommunane har betydd at fylket må kutte om lag 250 millionar over fem år. Mange har protestert på så brutale kutt.

Sjølv om fylket no får 22,5 millionar kroner, finn fylkesrådmann Tore Eriksen likevel grunn til uro over gladmeldinga frå leiar i kommunalkomiteen, Helge Andre Njåstad (Frp).

– Han seier at det ikkje nødvendigvis blir ei opptrapping, men at vi får litt meir tid. Det vil ikkje vere nok for oss, om det blir utfallet, seier Eriksen.

Tre fylke deler 40 millionar

Helge André Njåstad

LEIAR: Helge André Njåstad (H) er leiar i kommunalkomiteen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

I budsjettforliket mellom regjeringspartia Framstegspartiet og Høgre, og støttepartia Kristeleg Folkeparti og Venstre, kom dei fram til at fylka skulle få ein kompensasjon for neste år på 60 millionar.

Denne er no fordelt med over ein tredel til Sogn og Fjordane.

– Modellen gir mest til dei som får dei største tapa. Sogn og Fjordane, Nordland og Nord-Trøndelag taper meir enn 700 kroner per innbyggjar, og får 40 millionar av potten, seier Njåstad.

– Veldig positivt

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) gler seg over fordelinga.

– Dette er veldig positivt. Regjeringspartia og samarbeidspartia vart samde i å auke opp tapskompensasjonen. Det fylket som tapte aller mest, fekk den største delen av dei 60 millionen. Det er gledeleg, seier han.

Bjørn Lødemel

GLER SEG: Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel for Høgre seier fylket har fått ein tredel av potten på 60 millionar kroner.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Njåstad seier at den siste fordelinga gjer at Sogn og Fjordane får til saman 53,9 millionar kroner av den samla tapskompensasjonen på 185 millionar kroner.

– Det var i alle fall ikkje enkelt. Å fordele 60 millionar på ein måte som er både rettferdig og som kan administrerast er krevjande, seier han.

Blir vidareført

Komitéleiaren seier tapskompensasjonen skal vidareførast, men kan ikkje love noko opptrapping, slik Sogn og Fjordane fylkeskommune bad om.

Snarare tvert i mot presiserer han at fylkestinget må sjå utgiftene i forhold til inntektene. Venstre og KrF fekk med ein særmerknad om at dei ynskjer opptrapping.

– Det var 2015-budsjettet vi fokuserte på no. Fylkeskommunane må ta med seg i betraktninga at endringa av inntektssystemet skal fasast inn over fem år og at ein då ikkje kan bruke tapskompensasjonen i år for å utsette ting som elles var naudsynt å få gjort, seier Njåstad.

– Må sikre opptrapping

Tore Eriksen, fylkesrådmann, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

FYLKESRÅDMANN: Tore Eriksen er fylkesrådmann i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Dette uroar fylkesrådmann Eriksen. Som likevel er nøgd med at fylket får ein stor pott i tapskompensasjon, samt at fylka som taper mest også blir tilgodesett mest.

Men så var det opptrapping av kompensasjonen etter 2015 til og med 2019 når inntektssystemet skal vere fullt innført.

– Vidareføring vil hjelpe oss, men det er klart at når statsbudsjettet la opp til at vi i 2019 skal ned med 247 millionar, så seier det seg sjølv at 22,5 millionar er ein avgrensa beløp. Vi avheng av opptrapping av beløpet. Det må sikre oss gjennom kommuneproposisjon og statsbudsjettet for 2016, seier Eriksen.