Hopp til innhold

– Kutta vil rasere kollektivtilbodet

Samferdsledirektøren har no rekna på kva som er teoretisk mogleg å spare i deira sektor. Dei kan klare 90 millionar kroner, men det vil gå utover kollektivtilbodet.

Samferdsleutvalet

SAMFERDSLEUTVALET: Samferdslesektoren i fylket har store kutt føre seg. Med moglege 90 millionar kroner i kutt vil det gå utover kollektivtilbodet i fylket.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi har moglegheiter totalt sett til å kutte inntil 90 millionar kroner, men det vil jo rasere kollektivtilbodet her i fylket, seier fylkesdirektør for samferdsle, Velaug Veum.

I dag har dei vist utvalet eit oppsett med eksempel på kva dei kan gjere for å kome i mål med å kutte 130 millionar kroner frå fylkeskommunen sitt budsjett.

Om dei kuttar alt som er lovleg å kutte innanfor eksisterande kontraktar, klarar dei nesten ei innsparing på 90 millionar kroner. Samferdselsutvalet har òg sett opp eit meir moderat kutt på om lag 60 millionar kroner.

Frå finansutvalet fekk dei i juni i år ei arbeidsordre om innsparingar som dei må løyse innanfor ein femårsperiode. Alt i går vart det varsla at det kom til å bli tøffe tak i samferdsleutvalet. I 2016 har dei eit innsparingskrav på 88 millionar kroner ned frå dagens nivå.

Dramatisk for fylket

Velaug Veum

DRAMATISK: Kutta fylket står overfor er dramatiske, seier samferdsledirektør Velaug Veum.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Veum fortel at dei har gått gjennom alle kontraktane som dei har innanfor kollektiv, i tillegg har dei fått vegvesenet til å lage eit oppsett på alle driftskontraktane som dei har.

– Viss vi skal spare 130 millionar, så kan ikkje vi ta alt på drift og vedlikehald på veg. Det går ikkje. Vi er nøydde til å ta noko på kollektivsida òg. Sjølv om vi no kan ta 50–60 millionar på kollektiv, så vil det bli dramatisk for folk i fylket, seier Veum.

Ho legg til.

– Likevel må vi ta over 70 millionar på drift og vedlikehald av veg om vi skal kome i mål med dei store kutta vi er utfordra på.

Ventar sterke reaksjonar

Veum legg ikkje skjul på at dette vert store endringar, og ventar no sterke reaksjonar. No skal dette opp i hovudutvalet i oktobermøtet.

– Vi syntest det var riktig å informere utvalet om dette i dag om korleis vi jobbar med dette, og kva det kan bety av endringar, seier ho.

Ingenting er bestemt enda, men kuttlista som no er presentert for utvalet illustrerer alvoret. Veum seier at utvalet vil gje nokre signal i oktobermøtet, men det er først til våren at utgreiingane kjem, som igjen vil bli behandla i økonomiplanen i juni 2015.

Kjempar for Sognebåten

Mange har teke turen for å kjempe for sine saker under fylkesutvalsdrøftingane i Leikanger.

Blant dei er Sogn regionråd og leiar Harald Offerdal. Han kjempar for Sognebåten. I lista over moglege kutt, kan ein gå så langt som å kutte 12,5 million til hurtigbåten som går mellom Bergen og Sogn og Fjordane. Frå 2016 er vinterruta føreslege nedlagt.

– Sognebåten er viktig både for lokalbefolkninga og for reiselivet i heile regionen, frå inst til yttarst i Sognefjorden. Her er det snakk om å leggje ned vinterruta, og vi ønskjer å halde oppe heilårstilbodet. Vi kjem nok ikkje unna at det må gjerast nokre endringar i tilbodet, men vi prøver å fokusere på reiselivssatsinga, seier Offerdal.

Dei har klart å samle alle kommunane frå Solund til Årdal. No er også reiselivet på bana. Ståle Brandshaug som er med i Visit Sognefjord seier at Sognebåten er veldig viktig for reiselivet.

– Det er ein av kjernerutene for å kunne ha trafikk heile året inn til Sognefjorden, som er ein av dei store destinasjonane på reiseliv i Norge. Kollektivrutene er utruleg viktig for næringa for å kunne ha trafikk heile året. Det største vekstpotensialet ligg på vinterstid, difor er det viktig å halde oppe den, seier Brandshaug. Han legg til at det er viktig å ha med Flåm på ruta.

Ei katastrofe for reiselivet

Ståle Brandshaug

KATASTROFE: Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord er redd kutta vil få større konsekvensar enn det folk er klar over.

Foto: Halvor Farsund Storvik

Brandshaug fortel at det har blitt gjort ein del vellykka ting for å kommersialisere ruta, og skal sjå nærare på det no. Kor lang tid det vil ta, er vanskeleg å seie, men vi har trua på at det lar seg gjere, seier han.

Sjølve kuttforslaga på sognebåten og anna samferdsle tykkjer han er sjokkerande.

– Eg er redd dette vil få større konsekvensar enn dei fleste er klar over. Å kutte Sognebåten totalt saman med andre tilbod vil vere nærast ei katastrofe for reiselivet og andre næringsaktørar i og langs sognefjorden. Kutta er pålagt, men så må ein blinke ut dei viktigaste rutene å halde oppe, og Sognebåten er ein av dei, seier Brandshaug.