Hopp til innhold

Meiner det er urimeleg at kultur må ta dei største budsjettkutta

Kulturutvalet i fylket meiner det er urimeleg at kultur må kutte ein større del av budsjettet sitt enn dei andre sektorane.

Kulturutvalt på Skei

URIMELEGE KUTT: Kulturutvalet meiner det er urettferdig at dei må kutte meir enn andre sektorar. Frå høgre: Torbjørn Vereide (Ap), nestleiar Jan Olav Fretland (SV), ass. Fylkesdirektør Lars Grøteide, fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad, leiar Nils Gjerland (Sp), Anita Nybø (Sp) og Trude Brosvik (KrF). Med på møtet, men ikkje på biletet var også Lars Svein Drabløs (Frp), Olaug Solheim Rotihaug (Ap) og Einar Målsnes (H).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Onsdag diskuterte det fylkeskommunale hovudutvalet for kultur korleis dei skal spare inn 24 prosent av sitt totalbudsjett, medan resten av fylkeskommunen berre skal kutte 10 prosent. Utvalsleiar Nils Gjerland for Senterpartiet meiner det blir for tøft.

– Det seier seg sjølv når fjerdeparten av løyvingane no vert borte. Heile fylkeskommunen har jo store utfordringar, men der er det snakk om 10 prosent. Så får vi sjå om den balansen vert annleis når det endelege svaret kjem. Det er eit utgreiingsarbeid vi no går inn i, og ikkje dei endelege svara, seier Gjerland.

234 millionar skal sparast på grunn av det nye inntektssystemet som den blå regjeringa har innført. På møte på Skei i dag prøvde utvalet å stake ut retninga for korleis dei skal greie sin del av gigantkutta som fylket står overfor.

Må kutte 17 millionar

Kulturutvalet skal i utgangspunktet kutte 17 millionar av sine totalt 70 millionar, og det endeleg vedtaket kjem på fylkestinget i desember. Enkelte av utvalsmedlemmane sa i dag at kutta er urimelege.

– Ja, det er ikkje så urimeleg å bruke eit slikt ord når det er så stor del av budsjettet som tilsynelatande må barberast vekk. Det er ei utgreiing, men eg trur ikkje sluttresultatet vert så ille, seier Gjerland.

Vil skjerme ungdomen

Kulturpolitikarane vil skjerme ungdommen når det no skal kuttast. For ungdomstiltak som ungdommens fylkesting og Ungdommens kulturmønstring (UKM) vil dei ikkje røre.

Torbjørn Vereide i kulturutvalet for Arbeidarpartiet, er ein av forkjemparane for nettopp det.

– Eg tykkjer det er veldig bra og eit riktig steg på ein veldig vanskeleg veg framover. No skal det seiast at ingenting er avgjort før i desember, men at utvalet viser vilje til å halde oppe og støtte opp om viktige ungdomsengasjement er viktig, seier Vereide.

– Men kvifor skal ungdomen skjermast?

– Ungdom kjem til å merke kutt, for dei brukar mange av kulturtilboda som no hamnar under kniven. Særleg ungdomsdemokratiet må bestå. Om vi ikkje byggjer opp om demokratisk forståing for ungdom med samarbeid med ungdomsråd, så kjem vi til å slite i framtida, meiner Vereide.

Grunnen til at Vereide tykkjer UKM er så viktig er at dette er ein produktiv versjon av tv-programmet Idol.

– Under UKM får ungdom gå på ein scene og vise kva talentet deira er. Dei får utvikle seg sjølv med positive tilbakemeldingar i staden for sure idoldommarar, seier han.

Kultur er livskvalitet

– Kultur er eit omgrep på livskvalitet slik eg ser det. Ein del av dei pengane vi brukar som utløyser stor aktivitet med dugnad og lagar prosjekt med, er relativt beskjedne pengar. Skulle vi rake vekk alt det, er det mykje som vil stoppe opp, og det vil bli eit fattigare samfunn å leve i, fortel Gjerland

– Så dette blir viktig for utvalet å påpeike når de skal konkurrere med skular, vegar og rassikring?

– Sjølvsagt. Vi har forståing for dei andre tinga òg, men vi har fått ei spesiell oppgåve om å ha fokus på kultursakene, og då vert det mi oppgåve å vere med å marknadsføre dei i den vidare prosessen i lag mot alt det andre, seier utvalsleiaren.

Ostehøvel på spleiselaga

Men nokre plassar må dei kutte. På møtet vert det snakk om å bruke ostehøvelen på bidraga sine til spleiselaga med staten. Det vil seier teater og opera, Førdefestivalen og Norsk countrytreff

– Det er ikkje nødvendigvis enklast, men det er der dei største pengane ligg. Og viss vi skal kome i mål med dei 17 millionane i reduksjon, så er det veldig vanskeleg å unngå på røre ved også dei største postane. Då må det utgreiast særskild, for då har det konsekvensar for dei overføringane som kjem ifrå staten som og kommunane bidreg med. Så her må vi finne konsekvensane av det vi kan bli nøydd til å gjere etter kvart, seier Gjerland.

I førre veke kravde musea i fylket ei avklaring frå kulturpolitikarane om dei vil greie å finne pengar til eit nytt fellesmagasin. Å finne pengar til ei investering på fleire titals millionar vil vere vanskeleg, men utvalet gir seg sjølv ein månad til for å snu alle steinar.

– Vi var innom det i løpet av møtet om vi skulle gje eit tydeleg signal i dag, men vi ventar på det til neste møte. Det ser vanskeleg ut, og det er viktig at vi kan gje eit svar på om vi i det heile klarar å byggje dette inn i denne fireårsperioden, forklarar utvalsleiaren.

Éin optimist

Einaste optimisten på møtet i dag var Einar Målsnes, vara for Høgre. Han ville ikkje vere med på krisemaksimeringa

– Ein må vere optimist. Eg har vore gjennom dette både innanfor politiet og i skatteetaten. Store kutt og store omorganiseringar. Eg er sikker på at dei frivillige vil stå på vidare. Dette er ei omvelting frå å få mykje løyvingar til å få mindre, seier han.

Medan dei andre fylkespolitikarane ser heller mørkt på kutta dei har føre seg, vel Målsnes å sjå lyst på det for å finne dei beste løysingane for heile fylket.

– Det er store summar som får konsekvensar for oss i Sogn og Fjordane, men eg likar å vere optimistisk og sjå lyset i andre enden av hindringa. Vi må tenkje annleis og innstille oss på den realiteten vi har framføre oss, seier han.