Hopp til innhold

Anna (80) får turnusen til å gå opp

80-år gamle Anna Høgelid er mykje på sjukeheimen. Ikkje som bebuar, men som tilsett.

Fleire kommunar er avhengige av pensjonistar for å få turnusane på sjukeheimane til å gå opp.
Om 20 år vil Norge mangla 57 000 helsefagarbeidarar. 
På Sande i Gaular hjelper ein sprek 80 åring til når det trengst:

PÅ JOBB: 80-åringen Anna Høgelid brukar mange timar på sjukeheimen i bygda. Men det er ikkje som bebuar, men som tilsett.

– Eg synest det er kjekt. Veldig kjekt, seier den spreke 80-åringen.

Med varsame hender greier ho håret til ei kvinne som er nesten jamgammal. Sjølv pensjonerte ho seg for mange år sidan, men kom raskt tilbake for å ta vakter på bygde- og sjukeheimen i Gaular.

– Eg følte eg kunne vere til nytte, og at eg hadde meir å gje, forklarar Høgelid.

Vil mangle 57.000 helsefagarbeidarar

I tida framover vil det truleg bli endå meir nødvendig med slike som Anna. Allereie er mange kommunar avhengige av nettopp pensjonistar for å få turnusane til å gå opp.

Om 20 år vil det mangle 57.000 helsefagarbeidarar i Norge, og det blir utan tvil eit problem.

– Vi vil få store problem med å finne dei hendene som skal til. Det er ikkje hjelp i å ha pengar, om ein ikkje har noko å kjøpe.

Det seier Hans-Johan Breidablik som er fagdirektør i Helse Førde. Han er slett ikkje den einaste som er uroa for framtida.

Fryktar for framtida

At det ikkje er mange nok som tek utdanning som helsefagarbeidar byr på problem kvar einaste dag på sjukeheimar rundt om kring. På Sande håpar avdelingsleiaren at trenden snur.

– Om ikkje fleire i framtida tenkjer seg å søkje på helsefagarbeidar så blir det tungt for oss å få tak i fagutdanna personale til dette yrket, seier Anita Eide Kvamme.

Ho er full av beundring for at slike som Anna Høgelid (80) vil stå i arbeid så lenge.

– Det betyr mykje, både for oss og for ho. Det er ein vinn-vinn-situasjon. Vi treng ekstravakter, og ho treng å kome seg ut, seier avdelingsleiaren.

Vil ta grep

Allereie i dag manglar det nesten 400 årsverk som helsefagarbeidar i Sogn og Fjordane. I åra framover vil behovet for denne typen arbeidskraft auke betydeleg.

– Eg trur vi kan gonge utfordringane vi har i dag med to om nokre år, seier Breidablik.

KS-leiar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, trur det er mykje som kan gjerast for å betre situasjonen.

– Eg trur det handlar om omdøme. Det handlar om å fortelje at dette er eit kompetanseyrke, og at det er viktig å ta denne utdanninga.

– Betre løn og endringar i turnus

Medan andre på hennar alder gjerne sit heime med strikketøy eller ei god bok i helga, er Anna Høgelid ofte på sjukeheimen. For det er ofte då det er behov.

Nettopp hyppig helgearbeid er noko Følling trur ein kan måtte endre på.

– Eg tenkjer også at vi må gjere noko med løna og turnusordningane. Slik at ein kanskje jobbar sjeldnare helg, og i tillegg at det er større sjanse for å få full stilling når ein startar i jobben, seier KS-leiaren.

Uansett vil det vere ein fordel om det blir fleire som står lenger i jobben, meiner Breidablik.

– Både for folk sjølve og for samfunnet, så trur eg det vil vere ein fordel om ein kan jobbe lenger, seier fagdirektøren..