Hopp til innhold

Alvorsprega kongepar på plass i Lærdal

Det var eit bevega kongepar som vart ønskte velkommen av Lærdal-ordførar Jan Geir Solheim. Då hadde dei allereie fått eit glimt av brannens øydeleggingar frå lufta.

Kong Harald og Dronning Sonja var tydeleg prega av alvoret då dei torsdag føremiddag kom til den brannråka bygda i Sogn. Kongeparet vart flydd til Lærdal med helikopter, og fekk dermed eit overblikk over dei enorme skadane etter storbrannen.

Fylkesmann Anne Karin Hamre, politimeister Ronny Iden og ordførar Jan Geir Solheim tok imot kongeparet på Øyri, før turen gjekk til Villakssenteret. Der ønskte ordføraren velkommen til ei bygd der folk har lagt bak seg svært tøffe døgn.

– Vi set ekstra stor pris på at kongeparet kjem til Lærdal i dag. De kjem til å få sjå kor hardt brannen har råka samfunnet vårt, og de skal få møte menneske som har mista alt.

– De skal også få møte dei menneska som gjorde skilnaden mellom liv og død, sa Solheim mot kongen og dronninga som begge vart tydeleg bevega.

(Artikkelen held fram under)

Kongen og Dronningen ankommer Lærdal

PÅ PLASS: Kongen og Dronninga vart møtte av ordførar Jan Geir Solheim, i tillegg til fylkesmann Anne Karin Hamre og politimeister Ronny Iden.

Bad om unnskyldning for kaldt lokale

Vegen tilbake til kvardagen blir lang for innbyggjarane i Lærdal etter den dramatiske storbrannen natt til søndag. Det som starta som ein bustadbrann spreidde seg raskt til store delar av Lærdalsøyri, og i eitt halvt døgn var brannen ute av kontroll.

Til alt hell gjekk ingen liv tapt, men 40 bygg er totalskadde. Tre av dei var verneverdige bygg, 17 bustadhus. Mange familiar står att utan anna enn kleda dei evakuerte i, andre har kome heim til hus som er prega av røyk- og vasskadar.

– Eg må be om forståing for kongeparet om at vi ikkje har hatt tid å planlegge dette til minste detalj. Vi har hatt mykje å gjere, men vi gjer så godt vi kan, sa han til dei kongelege gjestane.

Han unnskyldte for at det var litt kaldt på Villakssenteret, og viste til at bygda hadde blitt straumlaus under brannen og at innbyggjarane dei siste dagane har måtte spare på straumen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brannvesenet kjempar mot flammane i storbrannen i Lærdal

STORE MANNSKAP: Brannfolk frå både Lærdal og fleire nabokommunar var i sving for å temme dei veldige flammane.

Foto: Jan Erikstad

– Heltemodig innsats av bygdefolket

Ordføraren brukte sin velkomsttale til kongeparet på å trekkje fram alle heltane etter den dramatiske hendinga.

– Det er mange i Lærdal som har mista heimane sine, og det er tungt. I tillegg har det også gått tapt kulturskattar. Storbrannen har mange offer, og det har skapt store utfordringar for det vesle samfunnet vårt. Men midt oppi det vi har mista har vi opplevd eit utruleg samhald, og det har gitt oss styrke, sa han og la ikkje skjul på at han var stolt over måten kommunen har takla hendinga.

– Vi har takla alt som har skjedd på ein måte det står respekt av. Vi har ikkje mangla ressursar, og alle har gjort ein innsats langt utover det normale.

– Eg har lyst å nemne brannmannskap, politi, helsepersonell, alle frivillige organisasjonar, Sivilforsvaret, heimevernet... Og ikkje minst bygdefolk som utførte ein heltemodig innsats for å redde alle andre. At ingen liv gjekk tapt, det er eit mirakel, sa ordføraren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bønder hjelpte til med sløkkjearbeidet i Lærdal med mellom anna gyllevogner

BØNDER HJELPTE TIL: Mange lokale bønder var raskt på plass med gyllevognene sine for å prøve å temme flammane.

Foto: Jan Erikstad

– Gyllevogn vart til gyllen vogn

Mange av dei lokale bøndene stilte med gyllevogner som dei stadig fylte opp med vatn for å hjelpe til med å temme flammane. Dette hadde også Dronninga lagt merke til.

– Ei gyllevogn vart til ei gyllen vogn, sa dronning Sonja og skrytte veldig av alle som hadde delteke i sløkkjearbeid.

Han fortalde at innbyggjarane har merka støtte ikkje berre frå heile landet, men frå heile verda. Varmen dei har kjent på har varma.

– Eg ønskjer kongeparet velkomne til Lærdal, som framleis er ein av dei beste plassane å bu i kongeriket Norge, sa han før han gav ordet vidare.

Prisa samarbeidet mellom kommunane

Lensmann Magne Knutsen i Årdal snakka til kongeparet på vegner av politiet. Han trekte fram samarbeidet mellom kommunane i Indre Sogn.

– I november 2000 hadde vi besøk av vår kjære konge då han opna Lærdalstunnelen. Det gjorde at vi i vår region fekk eit vaktsamarbeid mellom Årdal, Lærdal og Aurland.

– Vi har politi i alle kommunane og gjennom aksjonane vi har hatt opp gjennom åra har vi blitt kjent med kvarandre. Det var nøkkelen til at denne aksjonen i denne tragiske hendinga vart vellykka, sa Knutsen til Kongen og Dronninga.

Han viste til at både brannvesen og politi og anna mannskap kjenner kvarandre, og at samarbeidet under brannen dermed gjekk smertefritt. Lensmannen brukte også tid på å rose dei mange frivillige som gjorde alt dei kunne i dei dramatiske timane.

– Mange frivillige melde seg, med gyllevogner og med traktorar. Nokre frivillige gøymde seg for å berge hus. Det var ingen som omkom, og i løpet av morgontimane fekk vi hjelp av vår herre. Vi fekk litt mindre vind så vi klarte å sløkkje brannen i dei siste to husa.

– Dette var tøffe tak. Tusen takk til alle. Det er gjort ein fantastisk innsats.