Hopp til innhold

Kjærasten forklarte seg om den fatale ulukka

FJORDANE TINGRETT (NRK.no): – Vi rakk berre å skrike «å gud», forklarte Marcin Szlichta. På få sekundar mista han kjærasten sin gjennom fem år, Anna Cieslak (49), i trafikkulukka ved Bryggja i fjor.

Trafikkulukke ved Bryggja.

KRAFTIG: Det var ein kraftig samanstøyt mellom dei to bilane 28. mars i fjor.

Foto: Øystein Torheim

Marcin Szlichta fekk lettare skader i samanstøyten med den bildrapstiltalte danske vikarlegen etter dødsulukka i mars i fjor.

Sambuarparet var på veg til Ørsta/Volda for å ta fly til Gdansk i Polen for å besøke eine sonen til den avlidne kvinna. Ein halvtime ut i turen skjedde det fatale.

– Først skulle vi nyte eit spaopphald over to dagar som vi hadde førehandsbestilt. Vi hadde ikkje hastverk og tok det roleg. Det var god stemning fordi vi skulle slappe av på ein hyggeleg tur, fortalde mannen gjennom tolk i Fjordane tingrett i dag.

– Bilen kom i full fart

På riksveg 15 ved Bryggja krasja paret med den tiltalte legen, som var på veg heim frå nattevakt i Eid. Legen er tiltalt for å ha køyrt bil i minst 125 km/t og for å ha vore påverka av medikament.

Paul Inge Angelshaug

FORSVARAR: Paul Inge Angelshaug forsvarar den tiltalte legen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Politiet meiner tiltalte kom over i feil køyrefelt og krasja med paret som kom frå Måløy. Mannen som var passasjer i den møtande bilen var tydeleg prega då han forklara seg for retten.

– Vi køyrde på vår høgre side, men plutseleg kom det ein bil mot oss i full fart. Bilen kom midt i vegen og Anna klarte berre å leggje seg inn til autovernet, men vi var ikkje i stand til å manøvrere oss ut att på grunn av den møtande bilen. Den kom meir og meir mot oss. Vi rakk berre å skrike «Å gud!», fortalde han.

150-170 km/t

På spørsmål frå aktor Erling Melvær meinte mannen at dei såg den møtande bilen frå kring 300 meter. Szlichta forklarte at det ikkje oppstod problem under turen før ulukka.

– Klarer du å anslå farten, ville aktor Melvær vite?

– 150-170 km/t. Eg har hatt høve til å vere passasjer i slik fart, og har ei kjensle av korleis det er som passasjer.

(Artikkelen held fram under biletet)

Etterlatne etter Bryggja-ulukka.

FØLGJER: To av dei seks borna til den omkomne, Tomasz og Adrianna Cieslak, følgjer rettssaka som varer fram til fredag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Den tiltalte legen avviste i retten at han heldt slik fart som speedometeret i bilen hans kan antyde. Det stogga på 142 km/t. Han nektar også straffskuld i saka .

Politiadvokat Melvær lurte på kor lang tid det tok frå dei såg den møtande bilen første gang, til det small.

– Kring tre sekundar. Bilen som kom mot oss køyrde i veldig stor fart.

– Verda rasa saman

Medan kjærasten omkom i samanstøyten, hadde Szlichta akkurat nok plass til å opne døra og komme seg ut av bilen med lettare skader. Den tiltalte legen vart alvorleg skadd i ulukka.

– Eg prøvde å tenkje klart, men heile verda rasa saman, seier mannen som etter ulukka flytta heim til Polen.

– Eg kunne ikkje leve lenger her, la han til.

– Eg var knust

Forsvarar Paul Inge Angelshaug ville i utspørjinga attende til turen før samanstøyten. Mannen forklarte at dei heldt ein fart på 70-80 km/t.

Szlichta forklarte at han følgde med på vegen under køyreturen. Angelshaug ville vite kven som såg den møtande bilen først.

– Vi såg den samstundes, men Anna reagerte først. Ho ropte og la bilen inn mot autovernet, gjentok han.

– Klarer du sette ord på korleis du kjende det etter kollisjonen?

– Eg var knust. Eg hadde vanskar for å tru at det skjedde.