Hopp til innhold

Speedometeret til legen låste seg på 142 km/t

FJORDANE TINGRETT (NRK.no): Det elektroniske speedometeret i bilen til den tiltalte legen låste seg på 142 km/t etter dødskrasjen ved Bryggja. Mannen nekta for å ha halde så høg fart. – Eg køyrde pent og heldt fartsgrensa, sa den tiltalte legevikaren då rettssaka mot han starta i dag.

Trafikkulukke på riksveg 15 ved Bryggja.
Foto: Bjarne Eldevik

Den danske vikarlegen er tiltalt for å ha køyrt i minst 125 km/t. Då rettssaka mot mannen starta måndag, fortalde politiadvokat Erling Melvær retten at speedometeret i bilen til mannen stod på 142 km/t etter ulukka.

Den tiltalte legen Lege nekta straffskuld for bildrap ved Bryggja i mars i fjor.

– Alt skjedde veldig fort. Eg hugsar eg vart gripen av panikk og redsel rett før samanstøyten. Det kom noko på skrått mot meg som eg oppfatta som heilt unormalt. Eg kan ikkje skjøne anna enn at eg må ha trykt på gasspedalen i panikk, sa legen i retten.

Fart, påverknad og samanstøyt

Legen som var ferdig utdanna i 1998 har dei siste ti åra praktisert i Norge. Mannen vart sjølv alvorleg skadd i ulukka og måtte bruke krykke då han kom til Fjordane tingrett.

Aktor Erling Melvær (t.h.) og bistandsadvokat Catharina Skage.
Foto: Oddleif Løset / NRK

Både fart, påverknadsgrad og kvar samanstøyten skjedde er sentrale tema i ulukka.

Melvær viste til at mannen tidlegare mellom anna er dømd for fartsoverskriding i Sør-Trøndelag. Han har også fått bot i heimlandet.

– Eg held farten eg skal, sa legen og skildra seg sjølv som ein erfaren sjåfør.

Sov i tre timar

Mannen fortalde han ulukkesdagen skulle på middag med ein legekollega. På spørsmål frå aktor avviste legen at han hadde sovna bak rattet. Legen fekk tre timar på puta før ulukka skjedde.

– Eg hadde det ikkje travelt, seier han.

– Går det an å køyre roleg i 80 km/t og så på ein augeblink vere oppe i 142 km/t?

Paul Inge Angelshaug
Foto: Oddleif Løset / NRK

– Eg vil ikkje spekulere, men det er det einaste eg kan tenkje meg. At eg har reagert i panikk, prøvd å snu bilen og trykt på gasspedalen. Den akselererer ganske fort.

Melvær fortalde at eit testresultat frå biltypen hans, som var ein Mercedes-Benz, går frå 0–100 km/t på 8,1 sekund.

– Er det då praktisk mogleg å gå frå 80 til 142 km/t på så kort tid, ville aktor vite.

– Det er praktisk mogleg, ja. Det er det einaste eg kan skjøne.

– Kjende seg utkvilt

47-åringen var på veg heim frå nattevakt i Eid til Måløy då han frontkolliderte med ein møtande bil ved Bryggja. Føraren av den møtande bilen, ei polsk seksbornsmor i 40-åra, omkom på staden etter den kraftige smellen.

Speedometeret i bilen til den danske legen
Foto: Oddleif Løset / NRK

– Eg hugsar ikkje det var noko spesielt med dagen. Eg har alltid hatt ei god kjensle når eg kjem på jobb, og når eg går frå jobb. Eg har alltid likt å hjelpe menneske, sa han og forklarte at han hadde migrene og nakkesmerte natta før ulukka.

– Men eg kjende meg frisk og utkvilt då eg køyrde frå sjukehuset, la han til.

Tok «London-kur»

Legen var også i 2004 involvert i ei ulukke, då braut han nakken etter ein samanstøyt med ein buss. I samband med skadane har han i periodar vore plaga med migrene og smerte i nakken. Dette har han fått medisin mot.

Den aktuelle natta fekk han smerter.

I retten fortalde han at han brukte ein såkalla London-kur, innehaldande mellom anna diazepam og anna smertestillande.

– Eg kan ikkje hugse om eg tok London-kur den aktuelle natta, men eg er sikker på at eg ikkje tok Zolpidem. For det gjer eg ikkje. Det trengde eg ikkje, sa svarte legen på spørsmål frå aktor Melvær.

Forveksla tablettar

Legen utelukka derimot ikkje at han kan ha forveksla tablettar då han tok allergimedisin om morgonen.

Han hadde medisinen sin samla, og hevda han medisinen vart liggande att etter at han rydda i boksen. Veska hans var blitt våt og han måtte rydde vekk øydelagd medisin.

– Eg hugsar ikkje heilt når det skjedde, men alt var fullstendig gjennomblautt. Eg skulle ønske eg kasta alt, sa han.

Tok til tårene

Tiltalte tok til tårene då aktor Melvær spurte om opphaldet ved Førde sentralsjukehus. Mannen fekk alvorlege skader i ulukka.

– Det var forferdeleg. Eg hadde store smerte, og sjølv om det ikkje var mi skuld, så var det forferdeleg at eit anna menneske døydde, fortalde han.

Legen fortalde at ulukka har prega han både fysisk og psykisk i ettertid. Mannen vart etter kvart overført frå Førde sentralsjukehus til Danmark.

– Kunne ikkje handla annleis

Forsvarar Paul Inge Angelshaug ville vite om det var noko legen kunne gjort annleis for å unngått ulukka.

– Som eg har sagt tidlegare, så har eg tenkt på alt eg kunne gjort for å ikkje vere der. At eg hadde reist for å kjøpt noko, at eg hadde punktert eller kva som helst. Men eg skjønar ikkje kva eg kunne gjort annleis, sa han.

– Eg meiner, dette kan skje alle. Det er noko alle menneske kan komme ut for, heldt han fram.

Avviste den høge farten

Legen avviste kategorisk den høge farten som påtalemakta legg til grunn.

– Eg har ikkje køyrt i 142 km/t på den vegen. Det har eg ikkje.

Han avviste også at han var påverka under køyreturen. Helsepersonell som kom til staden skildra mannen som rasjonell, vaken, klar og orientert.

– Er dette foreinleg med at du nokre minuttar før skal ha vere påverka, spurte Angelshaug.

– No kan det godt vere at det taler mot meg, men eg trur ikkje ein nødvendigvis på bakgrunn av dette kan seie korleis eg var fem minuttar før. Men det er klart at dersom eg var påverka eller søvnig, så ville ein ikkje venta at eg oppførte meg slik. Men eg var ikkje påverka, sa han.

Varsla erstatning

Retten har sett av fem dagar til saka. Det er planlagt synfaring tysdag på ulukkesstaden.

Bistandsadvokat Catharina Skage har varsla påstand om 150.000 kroner i erstatning til kvar av myndige borna, samt opp til 200.000 til dei mindreårige borna. Kvinna lèt etter seg seks born i alderen 13–28 år.