Vikarlege dømd til sju månader fengsel etter dødsulukke

Den 47 år gamle legen som var tiltalt etter dødsulukka på riksveg 15 i fjor påske, er dømd til sju månader fengsel. Han må også betale 875.000 kroner i erstatning til pårørande.

Trafikkulukke på riksveg 15 ved Bryggja.

OMKOM: Ei polsk seksbornsmor omkom i ulukka ved Bryggja i Vågsøy i påska 2013.

Foto: Bjarne Eldevik

Den danske vikarlegen var på veg heim til Måløy etter nattevakt ved legevakta på Nordfjordeid. I 80-sona ved Bryggja frontkolliderte han med ein møtande bil.

Føraren av denne bilen, ei polsk seksbornsmor i 40-åra, omkom i den kraftige kollisjonen. Passasjeren i bilen, ein mann i 30-åra, fekk lettare skadar.

Forsvararen til mannen, Paul Inge Angelshaug, seier dei ikkje har teke stilling til om dei vil anke avgjerda.

– Han er gjort kjend med innhaldet i dommen. Vi har ikkje fått diskutert gjennom i fellesskap. På generelt grunnlag er det mange omsyn som må takast for å eventuelt ta ei runde til. Det må vi sjå på, seier Angelshaug til NRK.

Minst 125 km/t

Politiet meiner farten var minst 125 km/t, at mannen tok smertestillande mot migrene og innsovningsmiddelet Zolpidem for å sove under nattevakta, og at han var påverka av medikament tilsvarande minst 0,5 promille under køyringa.

Legen nekta straffskuld då saka starta i Fjordane tingrett i slutten av september. Han forklarte i retten at han heldt fartsgrensa på 80 km/t som er i området. Retten har ikkje festa lit til denne forklaringa. Når det gjeld medikamentbruken, forklarte han i retten at han måtte ha teke feil medikament då han skulle ta allergimedisin.

Plasserte legeveske utan tilsyn

Veka før ulukka hadde han sett legeveska si utanfor døra i om lag fem timar då han var på trening. Det skal ha regna og alt innhaldet blei vått. Tiltalte forklarte at han kasta emballasjen og putta nokre av tablettane i umerka boksar og deretter i to posar. Han sa at det kunne ha vore Zolpidem-tablettar frå før i den boksen han putta allergimedisinen i og at han tok feil ulukkesdagen.

Aktor meinte han tok Zolpidem med vilje for å sove. Retten ser det er moment i saka som talar for at tiltalte med vilje tok dette legemiddelet, men kan likevel ikkje sjå bort frå forklaringa til legen. Men dei ser det som grovt aktlaust av tiltalte å kaste eskene og oppbevare medisin i umerka boksar.

Aktor i saka, Erling Melvær, seier etter at dommen ligg føre at dei tek den til etterretning.

– Eg har notert meg at dommen er i tråd med påtalemyndigheitene sin påstand. Og eg føler retten har lagt vekt på både dei skjerpande og formildande omstenda når dei har kome med si avgjerd, seier Melvær til NRK.

Må betale 875.000 i oppreising

Retten fekk forklaring frå 17 vitne, inkludert to sakkunnige som mellom anna forklarte seg om farten bilen til legen måtte ha hatt.

I skjerpande retning er det lagt vekt på at ulukka førte til at kvinna omkom. Den høge farten er også vurdert som straffeskjerpande. I formildande retning er det lagt vekt på at ulukka også har fått store konsekvensar for den tiltalte og at det har teke tid før saka kom opp for retten.

Fjordane tingrett har no dømd mannen til sju månader fengsel, noko som var i samsvar med påstanden til aktor. Han er også frådømt retten til å køyre bil i Norge for alltid. Mannen må også betale 125.000 kroner til kvar av dei seks borna til kvinne. Også sambuaren til kvinna får 125.000 kroner i oppreisingserstatning.

– Min klient er prega av saka, utfallet av ulukka og konsekvensane det fekk for avdøde, etterlatne og seg sjølv, seier forsvarar Paul Inge Angelshaug.