Hopp til innhold

Tøft møte for dei etterlatne – høyrde tiltalt legge skulda på mora for dødsulukka

FJORDANE TINGRETT (NRK.no): Det vart ein tøff dag for Tomasz og Adrianna Cieslak. I mars i fjor mista dei mor si i trafikkulukka ved Bryggja. I dag starta saka mot den tiltalte legen.

Etterlatne etter Bryggja-ulukka.

TØFT: Det har vore ein tøff dag for dei etterlatne etter seksbornsmora som omkom i Bryggja-ulukka.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Den omkomne kvinna lèt etter seg seks born.

To av desse, Adrianna og Tomasz, følgde første dag av rettssaka saman med advokat Catharina Skage og to tolkar.

– Det har vore veldig tungt for alle seks. Dei er ukjende med rettssystemet og mange av detaljane i denne saka, så dei har vore veldig spente på kva som ville bli sagt, seier Skage på vegner av familien.

Høg fart og påverka

Den danske legen i 40-åra nekta straffskuld for alle tiltalepostane då saka starta i dag. Speedometeret i bilen hans stogga på 142 km/t, men påtalemakta har teke ut tiltale på minst 125 km/t. Det er 80-sone på staden.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trafikkulukke ved Bryggja.

DØDSULUKKE: Den omkomne kvinna var førar av bilen som kom frå Måløy. Legen kom i motsett retning, på veg frå nattevakt i Eid.

Foto: Øystein Torheim

Politiet meiner også at han var påverka av medikament under turen frå nattevakt i Eid til heimen i Måløy. Ved Bryggja meiner politiet at han kom over i feil felt.

– Det har vore ein tøff dag for min klient, og han er prega av alvoret i saka. Men no har han fått forklart seg og gitt uttrykk for det han kan hugse og fortelje kring omstenda og ulukka, seier forsvarar Paul Inge Angelshaug.

Avviste høg fart

Mannen avviste at han køyrde for fort den aktuelle dagen, og hevda han køyrde etter fartsgrensa.

– Eg hadde det ikkje travelt. Det var ingenting som hasta, sa han og avviste å ha køyrt så fort som speedometeret i bilen viste – og så fort som politiet meiner.

Speedometeret i bilen til den danske legen

LÅSTE SEG: Det elektroniske speedometeret i bilen til legen låste seg etter samanstøyten.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Han avviste all skuld for ulukka.

– Som eg har sagt tidlegare, så har eg tenkt på alt eg kunne gjort for å ikkje vere der. At eg hadde reist for å kjøpt noko, at eg hadde punktert eller kva som helst. Men eg skjønar ikkje kva eg kunne gjort annleis, sa han.

La skulda på omkomne

Legen gjekk langt i å leggje skulda for ulukka over på den omkomne kvinna. NRK kjenner til at kom brått og uventa på Tomasz og Adrianna Cieslak.

Bistandsadvokat Skage ynskjer ikkje å kommentere korleis søskena reagerte på einskilde ting som kom fram i saka.

– Men vi har sett at det har vore tungt for dei. Det har dei også sagt til meg. Det vil også dei resterande dagane bli, seier ho.

Påpeika svakheit

Paul Inge Angelshaug

FORSVARAR: Paul Inge Angelshaug er forsvarar for den tiltalte legen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Legen forklarte at han natta før ulukka tok smertestillande for å lindre migrene og smerte i nakken. Dette har han slite med sidan han braut nakken i ei trafikkulukke i 2004.

– Det sentrale er kor vidt det har vore medverkande årsak til ulukka. Har han vore påverka i vegtrafikklovas forstand? Det er han tydeleg på at han ikkje har vore, seier Angelshaug.

– Når det gjeld fart, så har vi påpeika at det er ein svakheit at det ikkje ligg føre opplysningar frå bilfabrikanten som kan bekrefte eller avkrefte reine tekniske bevis, legg han til.

– Men her står speedometeret fast på 142 km/t?

– Ja, men her er ikkje fasit på når den låsinga skjer. Om det er fart som er oppnådd før eller etter samanstøyten. Mercedesen har ei lang ferd etter at bilane har hatt kontakt. Nøyaktig kva som skjedde, er det ingen som har kunne gitt noko fornuftig svar på.

Hadde ulovlege dekk

Under forklaringa til politibetjent Ørjan Eide Paulsen kom det fram at tre av fire av dekka på kvinna sin bil hadde under tre millimeter mønsterdjupn.

Angelshaug spurte om politiet på noko tidspunkt hadde fokus mot eit anna køyretøy enn Mercedesen til legen.

– Ja, vi hadde fokus på begge bilane, men også på kollisjonssåra i vegbana. Det var ingen spor på staden som tydde på at den bilen hadde fått sleng, sa han.

Skulle på ferie

Aktor Erling Melvær spurte Paulsen om han samtala med passasjeren i bilen til den kvinna. Han vart lettare skadd.

(Saka held fram under biletet)

Politiadvokat Erling Melvær og sakkunnig Erik Aanerud.

SAKKUNNIG: Politiadvokat Erling Melvær i samtale med sakkunnig, sivilingeniør Erik Aanerud, frå Rekon.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Han opplyste at dei kom frå Måløy og skulle til Ørsta/Volda, fordi ho skulle på ferie. Då ulukka skjedde, rakk dei berre å sjå ein bil som kom i mot og over i deira køyrefelt. Han nytta ord som «crazy fast», og sikta då til farten, sa Paulsen.

Synfaring i Eid

Retten flyttar seg tysdag til Nordfjordeid, der dei på ettermiddagen vil gjennomføre synfaring på ulukkesstaden ved Bryggja.

Det vil bli eit tøft møte både for dei etterlatne etter kvinna, samt tiltalte.

– Det er ikkje noko han ser fram til. Det blir ein tøff prosess, men han er innstilt på at saka må gjennomførast og han vil belyse så langt som mogleg det han kan bidra med for å få svar på kva som kan ha skjedd, seier forsvarar Angelshaug.

Avsluttar fredag

Tysdag vil passasjeren i den omkomne sin bil, samt sakkunnig vitne, sivilingeniør Torgeir Bang hos ulukkessgruppa til Statens vegvesen, forklare seg.

Onsdag er retten attende i Førde, og det er venta at Tomasz Cieslak vil fortelje retten korleis dei etterlatne har hatt det i tida etter ulukka.

Fredag vert saka avslutta med prosedyrar.