Hopp til innhold

Hallén om korrupsjonspåstandar: – Eg kan garantere at eg ikkje har gjort noko slikt

SOGNDAL (NRK.no): – Det er fullstendig uriktige opplysningar som kjem fram i boka og det kan eg ikkje la henge ved meg. Difor har eg engasjert advokat, seier Yngve Hallén om korrupsjonsskuldingane mot han.

Yngve Hallén på Fosshaugane Campus

AVVISER SKULDINGANE: Fotballpresident Yngve Hallén seier påstandane om korrupsjon er feil.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Påstandane er heilt feilaktige, og det er heilt utruleg at nokon i bokform kan skrive slikt.

Yngve Hallén tar i eit intervju med NRK.no eit oppgjer med skuldingane mot han i boka «Fotballagent – Røvarhistorier frå Fotball-Norge» skrive av Knut Høibraaten.

I boka vert fotballpresident Yngve Hallén skulda for å ha motteke 40 000 kroner under bordet for fotballspelaren Piotr Leciejewski i 2008. Hallén vart gjort kjend med skuldingane mot han tidlegare i veka.

Garanterer at opplysningane er feil

– Eg kan garantere at det ikkje er hald i påstandane. Eg kan garantere at eg 100 prosent ikkje har gjort noko slikt og eg er rimeleg 100 prosent for at ingen i Sogndal Fotball har gjort noko slikt heller. Vi er altfor glade i klubben til det, seier Hallén til NRK.no.

Piotr Leciejewski kom på lån til Sogndal då klubben hadde behov for ei hasteløysing då Terje Skjeldestad vart skad i 2008. Den polske keeperen slo til med éin gong, og vart etter berre nokre månader kjøpt av Sogndal.

– Det er ikkje alt eg hugsar rundt overgangen. Men Piotr var ein god keeper for Sogndal dei første kampane han var på lån, så det var nok ingen i Sogndal som hadde våga å stoppe eit kjøp av han, seier Hallén.

– Kva var overgangssummen?

– Det hugsar eg ikkje. Eg var med på å legge rammene for dei investeringane som skulle gjerast, også utover Piotr.

(Artikkelen held fram under videoen)

Yngve Hallen avviser skuldingane mot han i boka «Fotballagent – Røverhistorier frå Fotball-Norge» skrive av Knut Høibraaten.

GÅR TIL RETTEN: Yngve Hallén seier han har hyra ein advokat for å imøtegå korrupsjonsskuldingane i retten. Reporter: Rune Fossum/Foto: Halvor Farsund Storevik

– Hadde berre intern rolle i klubben

Hallén seier han ikkje hadde noko rolle i den kontakten som var mellom klubb og agentar.

– Rolla min var internt i klubben. Eg var med på interne møter der eg la rammer. Eg hadde aldri direkte kontakt i den overgangen anna enn innanfor klubben.

Hallén har allereie engasjert advokat og vil forfølgje saka juridisk. Han meiner han som øvste leiar i Fotballforbundet og leiar i etisk komité internasjonalt ikkje kan ha slike skuldingar om korrupsjon hengande over seg.

– Eg kan ikkje leve med sånne påstandar. Så eg må etterpå dei juridisk, og difor har eg engasjert advokat. Fotballforbundet er også involvert i saka.

Vil ikkje finne seg i skuldingane

Fotballpresidenten er overraska over at han ikkje har hatt høve til imøtegå kritikken i boka før ho gjekk i trykken.

– Eg er vand til å jobbe mykje med media, der ein har rett til samtidig imøtegåing av kritikk – og der kan eg finne meg i mykje. Men eg kan ikkje finne meg i å bli skulda for å ha tatt imot pengar under bordet. Det kan ingen leiar i norsk organisasjon eller næringsliv finne seg i.

– Det viktigast for meg er at skuldingane mot meg blir trekt tilbake og det har eg bede ein advokat om å handtere, seier Hallén.

Viser til forlaget

Forfattar Knut Høibraaten viser til Kagge forlag, som seier dei har vore i kontakt med jurist og meiner påstandane i boka står seg juridisk.

– Men burde du ikkje Yngve Hallén få svare når du kjem med slike sterke skuldingar?

– Dette for forlaget svare på. Denne boka er mi historie basert på mine erfaringar. Eg har ikkje intervjua nokon og den er basert på mine opplevingar, seier Høibraten.

– Kva belegg har du for skuldingane?

– Dette kjem frå ein tredjepart. Det er dei eg gjengir i boka. Det er viktig at ein les boka før ein trekk konklusjonar, seier forfattaren.