Fotballpresident skulda for korrupsjon i ny bok

I ei ny bok, "Fotballagenten – Røverhistorier frå Fotball-Norge" frå tidlegare fotballagent Knut Høibraaten, vert fotballpresident Yngve Hallén, skulda for korrupsjon som dagleg leiar i Sogndal.

Yngve Hallén

AVVISER SKULDINGANE: Fotballpresident og dåverande dagleg leiar i Sogndal Fotball, Yngve Hallén, vil forfølgje skuldingane juridisk.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Fleire aviser presenterer i dag skuldingane mot fotballpresident og tidlegare dagleg leiar i Sogndal Fotball, Yngve Hallén, i ei ny bok som vert lansert.

Her blir den dåverande leiinga i Sogndal Fotball skulda for å ha motteke svarte pengar under bordet i samband med overgangen til Piotr Leciejewski frå Polen til Sogndal før 2008-sesongen.

Kravde 40 000 kroner

Forfattar av boka "Fotballagenten – Røverhistorier frå Fotball-Norge" hevdar i boka at ein polsk FIFA-agent, Marcin Hakman, skal ha tatt kontakt og informert om at dåverande direktør i Sogndal Fotball, Ynvgve Hallén, og ein sportsdirektør ville ha pengar under bordet før dei signerte den noverande brann-keeperen.

Ifølgje VG skal dei ha kravd rundt 5000 euro (cirka 40 000 kroner) kvar.

Avviser alt

Ein epost frå Hakam vert publisert i boka som dokumentasjon på påstandane. Men Hakam avviser overfor VG at han har gitt nokon pengar under bordet, og kallar skuldingane for "bullshit".

– Eg er ikkje korrupt. Om boka kjem ut, vil eg forfølge det juridisk, seier han.

Yngve Hallén kjende ikkje til innhaldet i boka før avisene kontakta han. Hallén avviser på det sterkaste skuldingane om korrupsjon og varslar juridisk etterspel, og vil krevje påstandane dementerte og trekte tilbake.

Vil ikkje finne seg i det

Han seier og at det ikkje er haldbart for han i sin posisjon å ha skuldingar om korrupsjon hengande over seg.

– Det er ikkje haldbart for meg å ha desse skuldingane hengande over meg. Dette er direkte skuldingar om korrupsjon og har absolutt ikkje rot i verkelegheita. Eg skal finne meg i mykje rart, men dette finn eg meg ikkje i, seier Hallén til avisa.

Forfattaren av boka seier han ikkje veit om Hallén eller nokon andre tok imot pengane.