Hopp til innhold

– Trist at folk melder seg ut

– Eg syns alltid det er trist når nokon melder seg ut, seier fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen.

Arve Mjømen

ER EIT VAL: Fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen, seier den einskilde må sjølv velje om han eller ho vil vere medlem av partiet eller ikkje.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Tysdag blei det klart at Eva Marie Halvorsen frå Førde har meldt seg ut av Høgre i protest mot regjeringa si avgjerd i fjorddeponi-saka. Ho har vore medlem og tillitsvald i partiet i over 30 år.

– Slikt er ikkje det kjekkaste vi høyrer, men samstundes er det eit val den einskilde gjer seier Mjømen.

Han syner til at saka om gruvedrift og sjødeponi har vore ei av dei viktigaste sakene for Høgre i Sogn og Fjordane når det gjeld industriarbeidsplassar.

– Dette har vore viktig for Høgre i Sogn og Fjordane å få dette på plass.

Dropen som fekk begeret til å flyte over

Fredag bestemte regjeringa seg for å gje Nordic Mining løyve til å sleppe ut i alt 250 millionar tonn med gruveavfall i Førdefjorden. Selskapet har sagt at dei treng fire år frå no til å etablere gruvedrifta i Engebøfjellet.

Eva Marie Halvorsen

STERKT KRITISK: Eva Marie Halvorsen meiner at regjeringa sviktar viktige konservative prinsipp.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

For mangeårig tillitsvald i Høgre, Eva Marie Halvorsen, var regjeringa sitt vedtak det som fekk begeret til å renne over.

–Vi har jo tidlegare i Førde Høgre hatt eit samrøystes vedtak mot deponiet. No må eg jobbe på andre måtar, det strir mot ein veldig grunnleggande identitet i meg som eg ikkje kan foreine med å vere medlem i Høgre lenger.

Stolar på fagetatane

Fylkesleiaren i Høgre, vel på si side å stole på fagetatane som no har gitt grønt lys til både gruvedrift og det omstridde sjødeponiet i Førdefjorden.

– At fagetatane har enda på eit positivt svar er ein stor tryggleik for meg i denne saka, seier Mjømen.

– Men du fryktar ikkje signaleffekten at ein så profilert partimedlem som Halvorsen melder seg ut av partiet som følge av dette vedtaket?

– Det er klart at slikt blir lagt merke til, men samstundes så har vi også eit jamt tilsig av nye medlemmer.