Hopp til innhold

– Eit enormt press på oljeindustrien

Det nye oljefunnet til Statoil vil gjera behovet for fagfolk endå større enn det alt er. – Dette kan føra til eit kapasitetsproblem for oljebransjen, seier NRK sin oljeekspert, Harald Bøe.

Aker Kværner Verdal

Underleverandørar i oljeindustrien slit allereie med å få fatt i nok fagfolk. Med fleire nye oljefunnet vil behovet berre veksa. (Illustrasjonsbilete)

Foto: KALLESTAD GORM / SCANPIX

Video Harald Bø kommenterer oljefunn

NRK sin oljeekspert Harald Bøe seier at presset på oljeindustrien nå er enormt.

Foto: Nyhetsspiller

Det siste året er det gjort mange store og små oljefunn på norsk sokkel, og i dag blei det kjent at Statoil har gjort eit nytt stort oljefunn i Barentshavet.

Dette vil føra til at oljenæringa vil få store utfordringar med å skaffa nok fagfolk, seier NRK sin oljeekspert, Harald Bøe.

– Nå kan det bli eit spørsmål om kva me har kapasitet til å få til og bygga ut, seier Bøe.

Kapasitetsproblem

Leverandørindustrien er allereie avhengige av utanlandsk arbeidskraft. Berre på Aibel sitt kontor på Forus er det tilsett personar med 30 ulike nasjonalitetar.

Likevel har fleire bedrifter i området rundt oljehovudstaden Stavanger vanskar med å få fatt i nok kvalifisert personell. Det kjem fram i «Konjukturbarometeret for Rogaland» som blei lagt fram i dag, utvikla av Ipax.

Tore Christiansen

Tore Christiansen er konsernsjef i røyrleverandøren SFF. Han gler seg over det nye oljefunnet i Barentshavet. Likevel seier han at det blir ei utfordring å få nok fagfolk framover.

Foto: NRK

I ei undersøking svarar om lag halvparten av 400 verksemder at dei slit med å få fatt i kvalifiserte fagarbeidarar.

– Sett i forhold til kartlegging på same tid for eitt år sidan, viser utviklinga at det er vesentleg fleire verksemder som i dag slit med å skaffa denne type arbeidskraft, står det skrive i rapporten.

Dette problemet blir sjølvsagt ikkje blir mindre med fleire nye funn, og større aktivitet meiner Bøe:

– Sjølv om leverandørindustrien seier at dei framleis har litt kapasitet, så er det eit enormt press på oljeindustrien nå. Dei nye funna kjem i tillegg til at Oljedirektoratet vil ha oljeselskapa til å få meir ut av eksisterande felt, seier han.

– Me har ei utfordring

– Nyheitene i dag er fantastisk gode. Desse nyheitene saman med Avaldsnes/Aldous tidlegare i år viser at det vil vera liv i denne industrien i veldig mage år framover.

Bjørg Sandal

Bjørg Sandal er kommunikasjonsdirektør i Aibel, dei opplever at det er stor kamp om kvalifisert teknisk arbeidskraft.

Foto: Øyvind Sætre / Aibel

Det seier konsernsjef i SFF, Tore Chistiansen. Han innrømmer likevel at firmaet hans, som leverer røyr til oljeselskap, også kan få utfordringar med å få fatt i kvalifiserte folk:

– Det kan nok bli ei utfordring for nokon og ein kvar. Men då får me vera litt kreative og få fatt i dei folka som me treng. Det trur eg skal gå bra, seier han.

Også for Bjørg Sandal, som er kommunikasjonsdirektør i Aibel, handlar det i dag først og fremst om å gleda seg over det nye funnet i Barentshavet. Men ho seier at det vil vera høgt prioritert å få fatt i arbeidskraft framover:

– I fjor tilsette me om lag 1.500 nye medarbeidarar, og me vil halda fram med nye tilsetjingar også i år, seier Sandal.

Ved verftet deira i Haugesund er arbeidet nå i full gang med å ferdigstilla Gudrun-plattforma for Statoil. I dei travle tidene har også selskapet vald å ikkje legga inn anbod på visse oppdrag.

– Me er ikkje fullbooka, men nokre prosjekt har me sagt at ikkje passar for oss nå. Det kan jo sjølvsagt tenkast at det vil bli ei meir aktuell problemstilling for oljeselskap å måtta gjera prioriteringar framover, seier ho.

VIDEO: Helge Lund om det nye funnet

Video Oljefunnet Havis

VIDEO: Statoil gjorde det måndag kjent at dei har gjort eit stort funn i Barentshavet.