Hopp til innhold

Første del av Gudrun i hamn

Alt er i rute for Gudrun-plattforma som skal produsera olje og gass i Nordsjøen i 2014. Laurdag kom den første delen av plattformdekket til Aibel sitt verft i Haugesund.

Første del av Gudrund-dekket

Laurdag kveld kom det første fundamentet til Gudrun-plattforma til Haugesund. Fundamentet kom frå Aibel sitt verft i Thailand.

Foto: Øyvind Sætre / Aibel

Illustrasjon av Gudrun-plattformen

Ein illustrasjon over korleis den ferdige plattforma skal sjå ut. Understellet er allereie plassert ut i Nordsjøen.

Foto: Statoil / Illustrasjon

I fjor sommar blei stålunderstellet til den nye statoilplattforma i Nordsjøen, Gudrun, vellykka installert. Nå går arbeidet for alvor i gang i Haugesund, med å få ferdig overdelen av plattforma:

– Det blir ein hektisk periode. I vår kjem Gudrun-prosjektet til å ha fleire hundre medarbeidarar i aksjon ved verftet i Haugesun, seier byggeleiar i Aibel Liv Auestad Skaar.

Eit gigantisk puslespel

Laurdag tok verftet imot første del av fundamentet til overbygget på plattforma. Denne delen blei bygd ved Aibel sitt verft i Thailand. Totalt produserer Aibel tre store modular til plattformdekket som blir på nærmare 9000 tonn.

Ein av modulane blir produsert i Noreg, medan to blir produserte i Thailand. Og det er ved verftet i Haugesund alle modulane skal bli sett saman.

Berre for Aibel har Gudrun ein verdi på om lag 2,8 milliardar kroner. Medan den samla investeringsramma for er på 21 milliardar kroner.

Dekket er eit gigantisk puslespel. I tillegg til verftet i Haugesund, er Aibel-kontorene i Oslo, Thailand og Singapore involvert i prosjektet.

– I byrjinga av mars skal me løfta den første av seksjonane på plass. Nokre veker seinare kjem det eit skip frå Polen med nye seksjonar, seier Skaar.

Aibel i Haugesund

Her ved Aibel sitt verft i Haugesund skal overstellet til Gudrun-plattforma vera klar våren 2013.

Foto: Øyvind Sætre / Aibel

I rute

Statoil satsar på at Gudrun skal vera i produksjon om to år. Fristen for Aibel å levera overstellet på plattforma er våren 2013.

Skipet som kom inn i går vitnar om at prosjektet er i rute seier byggeleiaren:

– Det er flott å sjå at me er i rute, og at kvaliteten på det som blir produsert er bra, seier Skaar, medan fundamentet frå Thailand blir lossa av ved Aibel sitt verft i Haugesund.

Flere nyheter fra Rogaland