Hopp til innhold

Underleverandørane lovar å levera

Statoil forventar så mykje aktivitet framover at leverandørindustrien kan få problem med å halda tritt. – Gledeleg, seier Ståle Kyllingstad i Norsk Industri, og poengterer at per dags dato er det meir enn nok kapasitet hos underleverandørane.

Kværner på Stord

KVÆRNER PÅ STORD: Verftet på Stord er eit døme på at det er mykje ledig kapasitet i leverandørindustrien. I desember var det 150 permitterte fagfolk ved verftet.

Foto: Jostein Viestad / Aerophoto.no

Ståle Kyllingstad

Ståle Kyllingstad er styreleiar i Norsk Industri olje og gass. Han seier at det i dag er meir enn nok fagfolk klar til å ta unna det arbeidet Statoil eventuelt tilbyr.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Statoil fortalte i dag om suksessåret 2011, der dei mellom anna stod for verdas største oljefunn offshore.

Ifølgje konserndirektør for norsk sokkel i Statoil, Øystein Michelsen, er ikkje ambisjonane mindre av den grunn. Statoil skal produsera like mykje olje i 2020 som dei gjer nå.

Michelsen sa i dag at aktiviteten for oljeselskapet kan bli så stor at underleverandørane i Norge kan få problem med å levera nok utstyr til olja.

– Har eit poeng

På den andre sida seier Styreleiar i Norsk Industri olje og gass og hovudaksjonær i IKM-gruppa, Ståle Kyllingstad, at leverandørindustrien er godt rusta til auka oljeverksemd:

– Når det kjem til fagfolk og produksjon har me svært god kapasitet. Det er Rosenberg i Stavanger og Kværner på Stord to gode døme på. I midten av desember var det 150 permitterte fagfolk på Stord, seier Kyllingstad.

Likevel innrømmer han at det kan bli eit problem med å få nok ingeniørar.

– Det er ingeniørmangel i Norge, og det må me ta inn over oss. Me har framleis nok, men det er her skoen trykkar mest og det er det som først blir eit problem, seier han.

Han meiner ingeniørmangelen skuldast feilslått politikk, der det handlar om lystprega utdanning framføre behovsstyrt utdanning.

Video – underleverandørane moderniserer:

Video 5e8f69da-fdba-463b-94ea-2a66e523f4f5.jpg

VIDEO: Øystein Michelsen i Statoil oppsummerte i dag 2011, og såg framover mot det dei håper blir nok eit suksessår.

Nøgd med utsiktene

Først og fremst er Kyllingstad glad for gode framtidsutsikter for industri som driv med oljerelatert arbeid:

– Det er gledeleg at Statoil er med på å oppretthalda eit høgt aktivitetsnivå på norsk sokkel, seier han.

Han meiner likevel at den norske leverandørindustrien skal kunne henga med, i alle fall eit stykke:

– Per nå er det mange som har litt for lite å gjera, men blir det veldig mykje arbeid framover er eg samd i at det kan bli eit problem, seier han.