Hopp til innhold

Uviss TV-framtid for Amandaprisen

Det er ingen konkrete planar om å senda Amandaprisen på tv etter 2018, men NRK har blitt kontakta om å ta over etter TV2.

Michael Fassbender og Jakob Oftebro

Amandaprisen blir foreløpig sendt for siste gong på TV 2 laurdag. Her er skodespelarane Michael Fassbender og Jakob Oftebro under utdelinga av Amandaprisen 2016.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Laurdag kveld blir den 34. Amandaprisutdelinga sendt frå Haugesund på TV2.

Men i juni blei det kjent at TV-kanalen ikkje vil inngå ein ny avtale med Amandakomiteen.

Dermed blir det tolv år lange samarbeidet mellom partane avslutta laurdag kveld, og filmprisen går ei usikker fjernsynstid i møte.

NRK har blitt kontakta av Amanda

NRK, som produserte og viste den årlege prisutdelinga i Haugesund i 20 år fram til 2005, har blitt kontakta av Amanda i samband med at TV2-samarbeidet blir avslutta, opplyser kulturredaktør Marius Hoel.

– Det er for tidleg å seia noko om prisutdelinga vil bli vist på NRK i framtida. Dette er noko me eventuelt må komma tilbake til, skriv Hoel i ein e-post.

NRK har også vore i kontakt med Discovery, som har kanalar som TVNorge og Max i porteføljen. Dei svarer at dei ikkje har planar om å ta over Norges viktigaste filmpris.

I samtalar

Heller ikkje festivalleiinga kan avsløra konkrete tv-planar for 2019, men seier dei er i samtalar med ulike interessentar.

Tonje Hardersen

Festivaldirektør for Amanda, Tonje Hardersen.

Foto: Helge Hansen / Den norske filmfestivalen

– Dette arbeidet får fullt fokus straks me er ferdige med årets festival, seier festivaldirektør Tonje Hardersen.

– Korleis vurderer du sjansane for at Amandaprisen blir sendt på tv også dei kommande åra?

– Det er for tidleg å seia. Det er uansett klart at det blir Amanda neste år og åra framover.

Amandautdelinga nådde eit botnpunkt på 202.000 sjåarar i 2015. Året etter auka sjåartala, men i fjor klarte TV 2 berre å lokka 264.000 sjåarar til showet.

– Litt stiv underhaldning

Store kostnadar og fallande sjåartal gjer at Amandaprisen i Haugesund ikkje lenger er interessant for TV-kanalane, meiner filmkritkar Birger Vestmo i NRK.

– Me skal ikkje lenger tilbake enn til 2009 då 600.000 såg Amandaprisutdelinga då Max Manus-filmen vann fleire prisar. Nå er sjåartala nede i ein tredjedel. Det er nok medverkande til at TV2 nå har sett punktum for showet.

Birger Vestmo

Filmkritkar Birger Vestmo i NRK.

Foto: Nyhetsspiller

Vestmo trur heller ikkje det er så spanande med prisutdelingar på tv lenger.

– Det er litt stiv underhaldning det luktar litt gamalt av. Amandashowet har forandra seg gjennom åra, men det er framleis underlagt visse premiss som ikkje nødvendigvis betyr mykje fart og moro på skjermen.

Festivaldirektør Tonje Hardersen meiner på si side det er interesse for filmprisutdelingar på tv, og på den måten vera med å hylla og feira norsk film.

– Men nå som me skal endra på korleis dette blir gjort, vil me sjå på alle moglegheiter og om det er andre spanande måtar å gjera dette på. Me står i ein unik posisjon til å tenka nytt og det skal me gjera, lovar festivaldirektøren.