Hopp til innhold

Startar med europeisk toppkamp

Stavanger Oilers kickstartar sesongen med heimekamp i Champions Hockey League mot tsjekkiske Ocelari Trinec. – Mykje større for oss enn eliteserien, seier trenar Petter Thoresen.

Mathias Trettenes jublar etter å ha avgjort kampen

BLIR DET NYE JUBELSCENER? Oilers sin Mathias Trettenes jublar etter det avgjerande målet i cupfinalane i vår. Blir det nye jubelscener i CHL på torsdag?

Foto: Johansen, Carina / NTB Scanpix

– Me har vore med i eliteserien i mange år, men Champions League er noko spesielt. Det er dei beste laga i Europa som er med, og det er stas for oss å vera med i det selskapet, seier Petter Thoresen, trenar for Oilers.

Har trua

Dei siste dagane har Stavanger Oilers spelt treningskampar i Austerrike, men på torsdag er sesongen i gang for alvor. Og dei startar brått med knallhard motstand, då tsjekkiske Ocelari Trinec er motstandar i DnB Arena i Champions Hockey League.

Thoresen

SUKSESSTRENAR: Petter Thoresen har henta pokal på pokal til Stavanger.

Foto: Johansen, Carina / NTB Scanpix

I førre utgåve av CHL vann Oilers fire av seks gruppespelkampar, men det var likevel ikkje nok til å gå vidare. No er dei klare til dyst på ny, men første kamp blir alt anna enn enkel.

– Dei er heilprofesjonelle idrettsutøvarar. Dei er vaksne gutar som går på jobben og har like lyst på poenga som oss. Fleire av dei har NHL-erfaring og har spelt i store ligaer. Me har ei stor utfordring framfor oss, men me har stor sjølvtillit. Det skal me ta med oss og senka skuldrene før torsdag, så skal me by dei på hard kamp, seier Thoresen.

Litt nytt for siddisane

Det er berre to dagar til kamp, men framleis er det mange ledige billettar i DnB Arena. Kristian Forsberg, som har tatt over som kaptein etter at Snorre Hallem la opp, trur CHL framleis er litt nytt for siddisane.

– Folk er mest vande med eliteserien, men kanskje interessa aukar litt no når det nærmar seg. Me hadde fullt hus den siste kampen i fjor, så eg håpar det kjem like mykje folk i år og at me skal gjera det like godt, seier Forsberg.

Dei er vaksne gutar som går på jobben og har like lyst på poenga som oss.

Petter Thoresen
Kristian Forsberg, Nick Bruneteau og Johannes Johannesen

KLARE FOR EUROPA: (f.v.) Kaptein Kristian Forsberg, Nick Bruneteau og Johannes Johannesen er klare for europeisk toppkamp på torsdag.

Foto: Erik Sergio Auklend / NRK

Trenar Thoresen håpar at så mange som mogleg kjem på kampen, men lovar at uansett kor mange som kjem, så skal dei få valuta for pengane.

– Me klarer å ha innsatsen på plass uansett om hallen er tom, men det er klart me er bortskjemde som alltid har mykje folk på kampane. I ei slik turnering treng me kanskje litt ekstra draghjelp, og kjem det opp mot 3000 så blir me kjempeglade. Me går på isen for å gi alt, og så får me sjå om det held, avsluttar han.

For Hinna-guten Johannes Johannesen er det ekstra stas å få spela internasjonal hockey i sin eigen heimby.

– Det er sinnssjukt kult. For meg som er frå Stavanger, så er det ein lang veg ut i Europa. Men når me spelar CHL, så blir vegen mykje kortare til internasjonal hockey.

Flere nyheter fra Rogaland