Rosenborg dominerte stort i fotball på 90-talet og byrjinga av 2000-talet, og vann omtrent alt som vinnast kunne i Noreg. I helga tok Stavanger Oilers sin
, og klubbeigar og fans fryktar no at dei kan bli for dominerande.– Dei er veldig dominerande allereie, så det kan fort bli litt Rosenborg-tendensar, seier Rune Larssen, leiar for supporterklubben til Oilers: Roughnecks.
- LES OGSÅ:
Frir til Bergen
Stavanger Oilers-spelarane kunne igjen spretta sjampanjen laurdag kveld. Etter ein finalethriller av dei sjeldne, trekte Oilers det lengste strået mot Storhamar og tok dermed sitt fjerde strake NM-gull. Det gir god grunn til feiring, men no åtvarar Oilers-eigar Tore Christiansen mot for stor hockey-dominans i Stavanger.
– Det er definitivt ein fare me er merksame på og jobbar med. Derfor er me ute og frir til dei andre store byane, og seier at «no må de koma etter og kjenna på kor herleg det er å ha det slik me har i Stavanger», seier Christiansen.
Og med det frir han til den største byen på Vestlandet, Bergen, for å få stabla på beina eit topplag i ishockey. Bergen Ishockeyklubb kom i årets sesong på 8.-plass i 1. divisjon.
– Eg har sagt at eg kan bidra med dei erfaringane me har gjort oss her. Me kan hjelpa dei å byggja opp klubb og kultur, men viljen må koma frå bergensarane sjølv, dei må ha lyst til dette, seier Christiansen.
- LES OGSÅ:
«Slaget om Vestlandet»
– Å få eit lag i Bergen hadde vore heilt supert. Å få litt Viking-Brann-stemning i hockey hadde vore kanonkjekt, seier supporterleiaren.
Dersom Bergen får eit lag opp på det øvste nivået, så gler Christiansen seg til det som kan bli klassiske vestlandsoppgjer.
– Om tre-fire har me eit bergenslag å bryna oss mot. Då kan me hata dei i tillegg til Vålerenga, seier Christiansen.