NRK Meny
Normal

Oilers med fantastisk snuoperasjon - likevel ute av Champions League

Stavanger Oilers sin utrulege snuoperasjon var ikkje nok til å gå vidare i Champions League. Resultata i dei andre kampane gjekk ikkje Oilers sin veg, dermed er eventyret over for denne gong.

Oilers jublar for siger mot Bern

KUNNE JUBLA: Her jublar Stavanger Oilers for siger mot SC Bern i Champions League tysdag.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

Stavanger Oilers låg under 2–0 mot sveitsiske Bern etter to periodar i DNB Arena. Men i den siste perioden, viste Oilers utrulege takter.

Mathias Trettenes scora like etter at sisteperioden hadde begynt, og stavangerlagets målfest slutta ikkje før det stod 5–2 på resultattavla. Til ellevill jubel for de 4000 tilskuerne i Stavanger.

Trass den imponerande snuoperasjon mot Bern, er laget likevel ute av Champions Hockey League. For resultata i dei andre kampane gjekk ikkje Oilers sin veg, og dermed er eventyret over for denne gong.

Allereie før kampstart var det klart at det ikkje kom til å bli gruppesiger i gruppe E, sjølv om Oilers skulle slå SC Bern i DNB Arena tysdag kveld. Litt tidlegare på kvelden vann nemleg Tappara Tampere sin kamp, og sikra seg dermed gruppesigeren.

Ute av CHL

Seint tysdag kveld skriv CHL på sine heimesider at dei fem beste gruppetoarane er klare, og Oilers er ikkje ein av dei. Dermed er Champions League-eventyret over for denne gong for siddisane.

  • Sjå oversikta i gruppa her (ekstern lenkje)

– Eg tykkjer me har gjort ein utruleg bra innsats i Champions League! Eg er veldig nøgd med kampen i kveld, og at me har vunne fire av seks kampar i gruppespelet. Det er kjipt å ikkje gå vidare, men det har likevel vore ei god oppleving og me har fått mykje god erfaring, seier Ruben Smith til NRK.

Mathias Trettenes (2), Kristian Forsberg, Jean-Michel Daoust og Dan Kissel scora for Oilers.

– Me hadde ein treig start, for å seia det mildt, men å setja inn 5–2 var godt, sa Kissel til TV2 Sportskanalen etter kampen.

Nick Plastino i aksjon for Oilers

Nick Plastino i aksjon for Oilers mot SC Bern.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix