Hopp til innhold

Nye problem for flområka treskofabrikk

I desember blei fabrikken rasert av ekstremvêret «Synne». Nå er det oljenedturen som råkar den vesle tresko-bedrifta på Hovsherad.

Sigmund Steinberg

FAMILIEBEDRIFT: Karin og Sigmund Stenberg har drive treskofabrikken på Hovsherad i Lund i meir enn 20 år.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Alt måtte byggast opp på ny, seier Sigmund Stenberg er leiar av familiebedrifta Eiks treskofabrikk i Hovsherad i Lund.

Etter at Synne herja med fabrikken og sette den under vatn i vinter, jobba heile familien og dei tilsette på spreng for å koma raskast mogleg tilbake i produksjon.

Med svært sårbart utstyr og ny tru starta produksjonen av vernesko og tresko opp att i vår. Men då oppdaga dei eit nytt problem. Industrien på Sør- og Vestlandet var ramma av arbeidsløyse.

Nedgang på vernesko

– Eg har registrert at det går mindre vernesko, seier Olav Stenberg, som er ein av åtte tilsette.

Han stanser ut skinn til sko-produksjonen.

– Me merka veldig fort då nedbemanninga i olja byrja. Både i Nordsjøen og på land bruker fleire bedrifter vernesko som me lagar, seier Sigmund Stenberg.

I tillegg er det lite gunstig for han med dyr euro.

– 95 prosent av alle råvarene me kjøper inn betalar me i euro, og deretter sel me i kroner her heime. Derfor er det bra for oss når oljeprisen stig, for den vil også ta med seg krona opp, spekulerer Stenberg.

Før:

Eik Treskofabrikk

MÅNDAG 7. DESEMBER: Ekstremvêret «Synne» har gjort store skader på den vesle treskofabrikken på Hovsherad. Da vatnet trakk seg tilbake trudde eigarane at livsverket deira var øydelagt.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Etter:

Treskofabrikken på Eik

MÅNDAG 14. DESEMBER: Sigmund Stenberg holder tale for fabrikkens tilsette og takkar for all innsats som er lagt ned for å få fabrikken i gang igjen.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Omstilling

Dei harde tidene på Hovsherad fører med seg omstilling.

Dei har kasta seg rundt for med tanke på butikkmarknaden og mote-tresko. Designaren på fabrikken, Karin Stenberg, har teke i bruk mønster og sterke fargar og satsar nå både på harde og mjuke sko, for å halda oppe omsetnaden.

– Det er mjuke sko som er betre å gå i, dei har ikkje den tradisjonelle trestolen. Me brukar fargerike stoff, og fleire butikkar har allereie vist stor interesse, fortel ho.

Sterke treskofargar

Karin Stenberg viser fram det fargerike stoffet.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK