– Livsverket vårt er øydelagt

Ekstremvêret «Synne» gjorde store skadar på treskofabrikken til Karin og Sigmund Stenberg på Hovsherad. Nå fryktar dei at dette er slutten på eit industrikapittel i den vesle bygda.

Sigmund Stenberg

Sigmund Stenberg og kona starta Eiks Treskofabrikk for 26 år sidan. Nå fryktar dei det er kroken på døra.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

– Det er knalltøft å stå her nå. Dette er heile livsverket vårt som har gått i grus, seier Sigmund Stenberg om dei herja lokala.

Vassmassane etter ekstremvêret Synne har råka bedrifta til han og kona Karin hardt. Nå veit dei ikkje om den vesle treskofabrikken dei har drive dei siste 26 åra nokon gong vil koma på fote igjen.

Håper å starta opp att

– Me har prioritert dei viktigaste maskinane, for å prøva å redda dei. Få i gang fyranlegg og luftproduksjonen og slike ting. Det neste blir å gå gjennom råvarene og finna ut av kva verdiar som har gått tapt, summerer opp Stenberg.

Eik Treskofabrikk

Råvarer ligg hulter til bulter etter møtet med flaumvatnet.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

– Viss alt går slik me håpar så kan me starta opp att. Me lev i trua på at me har gode forsikringar, men dersom gapet blir for stort mellom faktiske verdiar og det me får ut, så er me ikkje lengre i gründer-alder og klare til å byrja på scratch igjen, konkluderer Sigmund.

– Me må koma ut med ei god kjensle av at me kan koma vidare.

Redda det dei kunne

– Klokka ni fekk eg beskjed om at det var tørt inne i fabrikken og at alt var godt. Då dei kom for neste sjekk tre kvarter seinare var det som om elva eksploderte. På kort tid var det 20 til 30 centimeter med vatn her.

Karin og Sigmund Stenberg

Sigmund Stenberg og Kona Karin har drive treskofabrikken i 26 år. Nå kan det vera slutt.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Dei sette i gang med å redda det dei kunne av råvarer, men etter ei stund var det så mykje vatn at dei måtte koma seg ut.

– Om me hadde opna dørene er det ikkje sikkert at me hadde fått dei att. Me måtte berre venta til vatnet gjekk ned, og ta det derifrå, fortel Stenberg.

Har ikkje gitt opp

Det triste synet av ein rasert fabrikk møtte dei neste morgon.

– I 26 år har dette vore vårt felles livsverk. Nå føler me om at alt er øydelagt, seier Karin Stenberg.

Ekteparet har likevel ikkje gitt opp, og vil nå ta ein ting om gongen.

Treskofabrikken på Eik

Først når dei får oversikt over skadeomfang vil dei kunne seia kva som skjer med framtida til fabrikken.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

– Når me byrja på ryddejobben kom folk frå bygda og tilbydde seg å hjelpa til, med kva det måtte vera, fortel ho.

– Eg blei rørt då eg såg alle dei meldingane me har fått frå folk som me eigentleg ikkje kjenner så godt. Så det gjorde noko med oss. Då tenker eg eigentleg berre at me må stå på vidare.