Hopp til innhold

Andre bombetrugsel på ei veke

Den britiske skolen i Stavanger, som fekk bombetrugsel mot seg førre veke, har fått ny bombetrugsel i dag. Situasjonen er nå avklart melder politiet.

Den britiske skolen i Stavanger, som fekk bombetrugsel mot seg førre veke, har fått ny bombetrugsel i dag. Situasjonen er nå avklart melder politiet.

Området rundt Den britiske skolen på i Stavanger er sperra av i 09.30-tida tysdag. Både her og på naboskulen Gausel er alle elevane evakuerte.

– Ein engelsktalande person ringde skulen og truga med ei bombe. Då varsla dei politiet, seier politiet sin innsatsleiar Vidar Olsen.

Politiet fekk meldinga klokka 08.41. Då rykka dei ut og området rundt Den britiske skolen på Gausel i Stavanger blei sperra av. Det blei sett i gang full evakuering av skulen.

– Politiet reiste ut og søkte gjennom lokala i samråd med skulen. Me har ikkje funne noko som tilseier at det er ei bombe her, seier Olsen.

Familie forlater Scandic

Elevane vart evakuert til Scandic hotell. Deretter vart mange henta av foreldra sine.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Trugslar mot fleire britiske skular

Det er i dag nøyaktig ei veke sidan Den britiske skolen fekk inn ein bombetrugsel via telefon. Skulen blei også då evakuert, men det viste seg at det ikkje var bomber i skulegarden, slik det blei påstått i telefonen.

Då kom det også inn trugsel mot Den britiske skolen i Stockholm på same tid. Også denne gongen har fleire britiske skular fått trugslar.

– Eg har forstått at andre britiske skular i Europa også har blitt truga i dag. Nøyaktig kva skular veit eg ikkje nå, seier Olsen.

Det skal i alle fall vera snakk om ein skule i Finland.

Ingen mistenkelege funn

Det var like etter klokka 10 politiet melde på Twitter at situasjonen var avklart.

Laster Twitter-innhold

Alle elevane ved den Britiske skolen blei ifølgje Stavanger Aftenblad evakuert til Scandic hotell. Her har ein del elevar blitt henta av foreldra sine.

NRK har ikkje kome i kontakt med tilsette ved skulen, men i telefonsvararen til skulen blir det opplyst at skulen er stengt.

Det blei først informert om at Gausel skole, som ligg like ved Den britiske skolen, også blei evakuert. Dette viste seg å vera feil.

Den britiske skolen i Stavanger

Politiet har hatt bombebil på plass på Den britiske skolen i Stavanger.

Foto: Ronny Hjertås / NRK