Hopp til innhold

No blir det betre plass på toget

Måndag køyrer toga på Jærbanen med doble togsett i rushtida. Regjeringa framskynda arbeidet med forlenging av plattformer, og kapasiteten blir difor auka tidlegare enn planlagt.

Jærbanen

Toga på Jærbanen vil no få doble togsett i rushtida.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Det er gledeleg at pendlarane mellom Stavanger og Egersund får eit betre tilbod i rushtida allereie no, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding frå regjeringa.

Solvik- Olsen

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen håpar doble togsett skal gjera Jærbanen meir attraktiv for pendlarar.

Foto: Skolt, Henrik / NTB scanpix

Ferdig før tida

Opphavleg skulle ikkje kapasiteten i rushtida aukast før mot slutten av 2016, men regjeringa framskunda arbeidet med å forlengje plattformene på Klepp og Øksnavad, og dermed kan NSB frå i morgon køyre med doble togsett i rushtida.

– Dette er eit viktig bidrag for å gjera jernbanen meir attraktiv for pendlarane, seier samferdselsministeren.

Har vore trongt om plassen

NSB vil setje inn dobbeltsett i ein morgonavgang til Stavanger og i ein ettermiddagsavgang frå Stavanger.

– Jærbanen har hatt svært god passasjervekst over fleire år, og pendlarane på denne strekninga har opplevd at det er blitt trongare om plassen. Mange må stå i kupeen, og då er jernbanen eit mindre attraktivt reisemiddel, seier Solvik-Olsen.