Hopp til innhold

Kanskje ikkje ein gut likevel

Historia rundt Norges best bevarte skjelett frå steinalderen må kanskje skrivast om. «Vistegutten» kan visa seg å vera ei jente.

Nye DNA prøvar kan gjera at historia rundt Norges best bevarte skjelett frå steinaldaren må skrivast om. «Vistegutten» kan visa seg å vera ei jente.

►SJÅ VIDEO: «Vistegutten» blei ikkje meir enn meir enn 15 år gamal før han døydde for meir enn 8000 år sidan. Nå kan nye DNA-prøvar gjera at me kan læra meir om livet til denne unge guten, eller jenta.

Vistegutten rekonstruert

Denne rekonstruksjonen blei laga av «Vistegutten» i 2011. Den er nok litt misvisande dersom han eigentleg er ei jente.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

– Det er ein del skilt, plakatar og brosjyrar som må endrast dersom det viser seg at «Vistegutten» er ei jente, seier skjelettekspert, Sean D. Denham ved Arkeologisk museum i Stavanger.

Dei skal nå ta i bruk nye metodar for å læra meir om det som er Norges best bevarte skjelett og det tredje eldste skjelettfunnet i Noreg nokon sinne.

Sa aldri kvifor dei trudde det var ein gut

Den såkalla «Vistegutten» er 8200 år gamal, og blei funnen i Rogaland i 1907. Det blei slått fast at det var ein gut ut frå observasjonar av skjelettet, noko som sidan har vore ei etablert sanning.

– Eg har lese i rapportane frå tidleg på 1900-talet, og antropologane skriv at det ser ut som eit mannleg skjelett, men ikkje kvifor, seier Denham. Sjølv meiner han at det ikkje er nokon ting som taler for at det verken er gut eller jente.

Nå skal delar av «Vistegutten» ut på reise. Universitetet i Stockholm skal prøva å finna restar av DNA i ein liten beinprøve av skjelettet. Det er ikkje sjølvsagt at dei klarer dette, men dersom dei skulle lukkast vil ein læra mykje meir om skjelettet på tre viktige område.

– Me kan læra meir om kosthaldet personen hadde, kor personen kjem frå og eventuelle slektningar og kva kjønn personen hadde, seier Denham.

Vistehola

Her i Vistehola i Randaberg blei «Vistegutten» funnen i 1907. Klimaet inne i hola gjorde at skjelettet var svært godt vareteke.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

Kor kjem me frå?

Han har den siste tida vore med på fleire viktige funn frå steinalderen og nyare tid, der ein også har gjort DNA-prøvar. Dersom prosjektet lukkast kan ein sjå kven som er i slekt med kvarandre av funn som er gjort, og kor dei første nordmennene kom frå. På dette området går det nå føre seg eit internasjonalt samarbeidsprosjekt, som «Vistegutten» er ein del av.

– Dei to hovudteoriane er at dei anten kom frå Russland i aust eller at dei kom via Danmark frå Spania i sør, seier han.

Nå ventar arkeologane på museet i spenning på kva prøvane vil bringa av ny informasjon. Dette vil ikkje vera klart før etter sommaren.

Vistehola

Flere nyheter fra Rogaland