NRK Meny
Normal

Kvifor la nokon ein menneskearm i søppelet?

...dette er eit av spørsmåla arkeologane ved Arkeologisk museum i Stavanger sit att med når utgravingane ved Sola flyplass går mot slutten.

Trond Meling, Arkeologisk museum

Trond Meling er prosjektleiar for Arkeologisk museum sine utgravingar i Sømmevågen i Sola. Her er han inne på museet med det dei har funne av eit 6000 år gamalt menneskeskjelett.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

I over eitt år har arkeologar jobba på spreng i Sømmevågen ved flyplassen på Sola.

Lag for lag har dei avdekt det som er fleire bustader frå den tidlege steinalderen, og i sommar gjorde dei eit sensasjonelt funn, då dei fann ein beinrest frå eit menneske som er meir enn 6000 år gamalt.

Nå har dei funne meir av menneskearmen, og dei sit så langt att med fleire spørsmål enn dei har fått svar.

– Det første menneskebeinet me fann høyrde til overarmen, etterkvart fann me også delar av underarmen og litt av handleddet. Men konklusjonen er at det ikkje finst meir av dette menneske her, Trond Meling.

Trur armen blei kasta i søppelet

Arkeologane tenker at staden menneskearmen har ligge har fungert som ei slags søppeldynge. For dei har også funne beinrestar frå dyr her.

– Me har undersøkt området nærmare, og me trur ikkje det er ei grav. Slakteavfallet gjer at me trur dette er ei form for ei såkalla avfallsmudding, seier han.

Beinrestar

Her er det som er funne av armen til eit 6000 år gamalt menneske i Sømmevågen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

At busamfunna i steinalderen hadde ein stad der dei kvitta seg med dyreskrottar skal ikkje ha vore uvanleg, men at det også ligg ein menneskearm der er ikkje fullt så vanleg.

Håpet er at dei vil få ut meir informasjon om menneskebeinet når dei sender det inn til analysar som kan fortelja om kjønn, alder og moglege skadar mennesket har hatt.

Har gjort nye funn på staden

Dei har likevel hypotesar om kvifor menneskearmen låg der.

– Me kan berre spekulera i kvifor armen ligg her. Kanskje kan det vera for å markera tilhøyre eller rettar til buplassen. Det kan vera frå ein forfar som har brukt bustaden, seier Meling.

Den 7. november skal arkeologane vera ferdige på staden, slik arbeidet med ny veg kan byrja for fullt. Heilt på tampen har arkeologane gjort nye funn, som dei er svært spente på. To jeksler frå eit vakse menneske.

Desse jekslene er funne ved noko som liknar på ei grav. Dermed kan ein venta at dei i dei komane dagane kan grava fram restar frå eit menneske til.

Mykje etterarbeid for å finna svar

Alt i alt er Meling svært nøgd med funna dei har gjort i Sømmevågen.

– Dette har vore ei fantastisk utgraving. Me har funne utruleg mykje spanande materiale. Dette har svart til alle forventingane me hadde, seier han.

Når dei er ferdige i feltet står mykje arbeid likevel att.

– Me har eit enormt stort materiale som skal systematiserast og raporterast. Nå har må mykje å forska vidare på, seier han til slutt.

Vert utstilt

Fredag kveld vil beinrestane stilles ut for publikum på museet som ein av utstillingane i Museumsnatt på Arkeologisk Museum og Museum Stavanger.

Fiskekrok

Dette er ein fiskekrok laga av beinmateriale, som arkeologane har funne i Sømmevågen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK