NRK Meny
Normal

Dette menneskebeinet er meir enn 6000 år

Arkeologar i Rogaland har gjort eit svært unikt beinfunn ved flyplassen på Sola. – Dette er enormt kjekt, seier arkeolog Hilde Fyllingen.

Dette beinet er om lag 6500 år gamalt.

SJÅ VIDEO: Her syner Trond Meling, prosjektleiar ved Arkeologisk museum i Stavanger, fram funnet dei har gjort.

Trond Meling

Trond Meling er ein nøgd mann etter det sjeldne beinfunnet.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det å finna menneskebein som er så gamle, skjer omtrent ein gong i løpet av ei arkeologisk karriere, seier arkeolog Hilde Fyllingen.

I Sømmevågen, like ved flyplassen på Sola, har arkeologar funne restar av eit menneske som levde for fleire tusen år sidan. Arkeologane jobbar på staden i samband med vegbygginga som skjer ved flyplassen.

Ein dag for nokre veker sidan dukka det plutseleg opp noko heilt utanom det vanlege.

– Då me avdekker her, vi brukar gravemaskin for å få av massane, så dukkar det opp deler av eit menneskeskjelett. Overarmen til eit menneskeskjelett, fortel Trond Meling.

Meiner dei gjorde eit skup

Han er prosjektleiar for utgravingane Arkeologisk museum i Stavanger driv med i Sola, og er like entusiastisk som Fyllingen. Han legg ikkje skjul på at menneskebeinet dei har funnet er eit skup. Den sure jorda i Rogaland gjer dessutan at det ikkje er vanleg å finna gamle beinrestar frå menneske.

Artikkelen held fram under biletet.

Arkeologiske utgravingar i Sømmevågen

Arkeologane skal jobba vidare ei stund i Sømmevågen, men funnet utsett ikkje vegbygginga i samband med flyplassen. Den nye vegen er venta å opna sommaren 2017.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– At vi finn menneskebein knytt til den samtidige busetjinga, som er eldre steinalder, er utruleg spesielt. Eg trur ikkje vi ha nokre parallellar i Norge. Då må vi til Sverige eller Danmark, seier Meling.

Overarmsbeinet kom tilbake frå datering dekke veka. Det er frå 4300 år før Kristus, altså er det over 6000 år gamalt.

Berre Visteguten er eldre

At beinet er så godt teke vare på, og at det er funne så tett opp i busetnad, gjer at forskarane får heilt andre moglegheiter til å forstå korleis dei budde, levde og organiserte bustadene sine i tidleg steinalder. Det har vore busetnad i heile området arkeologane nå grev fram.

Det syner tuftene, buplassflatene, bålplassane, dyrebeina dei også grev fram her.

Vistegutten

Rekonstruksjon av Vistegutten, som blei funnen i Randaberg, nabokommunen til Sola.

Foto: NRK

Den næraste parallellen til dette funnet er Visteguten, som blei funnen i Vistehola i nabokommunen Randaberg i byrjinga av 1900-talet. Han var noko eldre, men i hola var det gode forhold for at bein kunne halda seg i god stand.

Veit ikkje om det var kvinne eller mann

Nå skal beinet inn for skikkeleg lagring på Arkeologisk museum i Stavanger. Etter kvart skal det analyserast etter alle kunstens reglar.

Artikkelen held fram under biletet.

Beinfunn i Sømmevågen

Før det er teke fleire prøvar av beinet kan ein ikkje sei om det er frå ei kvinne eller ein mann. Det som likevel er sikkert er at det er frå ein vaksen person.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Får me ein DNA-profil, kan me avgjera om dette var ein mann eller ei kvinne. Me kan også sjå på mogleg slektskap til andre beinrestar frå same tid, seier Meling.

Før anleggsarbeidarane kjem og legg asfalt over området, håper arkeologane at dei har sikra seg nok materiale til å danna eit endå betre bilete over korleis folk i Norge levde for fleire tusen år sidan.

– Det er enormt spennande. Det var verkeleg ein stor dag då det skjedde, seier Hilde Fyllingen.

Flere nyheter fra Rogaland